Størst folketalsvekst i området rundt Sogndal

Fylkesspegelen for Sogn og Fjordane viser at det no bur 107 742 personar i Sogn og Fjordane, og dette er det høgste talet vi har hatt i dette tusenåret. 18 av dei 26 kommunane våre opplevde ein auke i folketalet i fjor, men det er altså berre i Luster og Leikanger at innanlandsk tilflytting bidreg meir enn utanlandsk.

– Dette er svært spesielt, då den generelle trenden for fylket er at det er innvandring frå utlandet som i all hovudsak bidreg til auken i folketalet. Det kan sjå ut som om det er større attraktivitet for innanlandsk tilflytting i Sogndals-regionen enn i Sunnfjord , seier Svein Arne Skuggen Hoff, som er fylkesdirektør for plan- og samfunnsavdelinga i fylkeskommunen.

Generell vekst

Luster har ein samla folketalsauke på 78 personar, og 38 av desse er tilflyttarar frå andre stader i Noreg. Leikanger fekk 43 nye innbyggjarar i 2010, 24 frå Noreg. Skuggen Hoff trur utviklinga i Leikanger heng saman med ein auken ein har sett i arbeidsplassar dei siste åra.

– Leikanger har vore åstad for fleire offentlege satsingar dei seinare åra, der både Difi og Nav, og også fylkeskommunen, har etablert ei rekke nye arbeidsplassar. Når det gjeld Luster, kan kommunen ha hatt god effekt av den generelle veksten i regionen, seier han.

Når det gjeld utanlandsk tilflytting, peiker Fjaler seg ut. Kommunen som huser United World College er den kommunen i fylket der utanlandsk tilflytting bidreg mest til folketalsauken på 63 personar.

Oppdatert Fylkesspegel

Fylkesspegelen for Sogn og Fjordane er no oppdatert med dei siste folketala, og informasjon for alle kommunane i fylket er å finne her.

Her finst blant anna kvartalsvis folketalsutvikling for dei siste tre åra. I tillegg er det laga kart som viser folketalsutviklinga i alle kommunane heilt ned på grunnkrinsnivå, der ein ser kvar i den enkelte kommune folketalet har auka, og kvar det har gått ned. Sjå til dømes utviklinga i Sogndal kommune her.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Svein Arne Skuggen Hoff
Fylkesdirektør, plan- og samfunnsavdelinga
E-post: svein.arne.hoff@sfj.no
Telefon: 918 88 868

Les òg:
Einskilde kommunar har klart å stoppe utflyttinga
Fylkesspegel Sogn og Fjordane – eit nytt verkty for fylket

Del dette:

Relaterte lenker