Sterkt filmmiljø i Sogndal

Hovudutval for plan og næring (HPN) søkjer å løfte inn filmmiljøet på Campus i Sogndal som Bulyst-prosjekt. Dette vart vedteke på HPN sitt møte i Selje 26. april.

Prosjektet Medieproduksjon og kulturelle ungdomsaktivitetar vektlegg kulturell aktivitet blant ungdom i fylket, og har som mål å setje fokus på aktivitet av og for ungdom knytt til dans, musikk og andre kulturelle område. Det er også ei målsetjing å stimulere til vidare utvikling av miljøa som arbeider med å fremje desse aktivitetane i fylket.

Sogndal vidaregåande skule er ei viktig drivkraft i prosjektet, og medielærar Inge Kjell Holme fungerer som mentor og idémakar.

Vil vise fram moglegheitene i fylket

Aktørane som står bak prosjektet inkluderer også Sogndal musikkforum, Lærdal musikkproduksjon, Dans Utan Grenser Sogn og Fjordane og filmfotograf Jo Bergersen, saman med andre representantar frå det etablerte medieproduksjonsmiljøet på Fosshaugane Campus. I prosjektet skal dei, i samarbeid med elevar ved medielinja ved Sogndal vidaregåande skule, kaste lys over kulturell aktivitet blant ungdom gjennom å lage medieproduksjonar frå dansemiljø, musikkfestivalar og talentkonkurransar i fylket. På denne måten skal prosjektet vise fram døme på kva moglegheiter som er for ungdom og ungdomsmiljø i Sogn og Fjordane.

Satsing på medieproduksjon er sentralt i prosjektet, og er også i tråd med Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt vedtak om å arbeide aktivt for å styrkje filmmiljøet og filmnæringa i fylket. Prosjektet rettar seg mot ungdom og yngre familiar som kan tenke seg å flytte til Sogn og Fjordane. Medieproduksjonane i prosjektet kan såleis bidra til å gjere fylket meir attraktivt både som reisemål og for å busetje seg.

Bulyst-midlar

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk totalt inn åtte Bulyst-søknader i år. Av desse vart tre søknader løfta inn til KRD. Ved sida av søknaden frå medieproduksjonsmiljøet i Sogndal var dette søknaden frå Bygdeutviklingslaget Nye Bremanger og ein fellessøknad frå Værlandet Vel og Jostedal Bygdelag.

I byrjinga av mai skal fylkeskommunen sende sine vurderingar Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), som skal avgjere endeleg kva prosjekt som får støtte i årets Bulyst-satsing.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00