Sterk fylkeskommunal markering på stor europeisk konferanse

Då den 2. europeiske konferanse for Safe Communities (Trygge Lokalsamfunn) opna i Reykjavik onsdag 19. mai, var standen til Sogn og Fjordane fylkeskommune den som vekte størst merksemd.

– Korleis utvikle trygge lokalsamfunn i Europa ved å bruke nordiske erfaringar i å bygge opp eit europeisk nettverk av trygge lokalsamfunn, står som motto for konferansen.

Rundt 130 delegatar frå Skandinavia, resten av Europa, Asia og Amerika deltek på konferansen.

Norden har vore i front når det gjeld å arbeide med trygge lokalsamfunn på ein organisert måte. Manifestet for Safe Communities vart signert i 1989, og Sogn og Fjordane har nådd langt i arbeidet med Trygge Lokalsamfunn. Utfordringane vart dokumentert gjennom ein video som viser trugsmålet frå vulkanutbrota på Island og korleis samfunnet kan møte dei slik at innbyggjarane er trygge.

Den islandske helseminister Alfheidur Ingadottir opna konferansen. Ho peika på at ei viktig drivkraft i arbeidet med Trygge Lokalsamfunn er at det er lønsamt når talet på ulukker med skade har gått ned med 27 prosent der arbeidet har lukkast.

Dr. Leif Svanstrøm ved Karolinska Institutet i Sverige peika i sitt føredrag mot Kina der arbeidet med trygge lokalsamfunn er i ferd med å skyte fart. Han avslutta med å vise bilete av dei små barnebarna sine for å slå fast at dei er ei viktig drivkraft for å tenke på Trygge Lokalsamfunn i framtida.

Seinare på konferansen skal folkehelsekoordinator Marit Nordstrand frå Høyanger kommune halde føredrag om erfaringar i Høyanger der kommunen og frivillige samarbeider for å hindre fallulukker mellom eldre.

Del dette:

Relaterte lenker