Kvinne med hund på tur til Molden i Luster kommune. Utsikt utover Lustrafjorden og fjella på andre sida.
Kvinne med hund på tur til Molden i Luster kommune. Utsikt utover Lustrafjorden og fjella på andre sida.

Utsikt frå Svarthiller (Molden, Luster kommune). Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Statleg sikring av friluftsområde: regionsamling

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til samling tysdag 28. februar på Gloppen Hotell. 

Sidan 1950- talet har staten bidrege til å sikre friluftsareal for ålmenta i Noreg- kring 2 400 område så langt. Utan statleg sikring ville mange av desse områda ikkje vorte tilrettelagd eller på anna vis vore tilgjengeleg for ålmenta. Ordninga vert forvalta av Miljødirektoratet. Statleg sikring inneber at sentrale og lokale myndigheiter går saman om å skaffe råderett over nøkkelområde og tilrettelegging for friluftsliv, slik at flest mogeleg får tilgang til friluftsområda.

Det er relativt få kommunar som nyttar seg av mogelegheitene gjennom den statlege sikringsordninga. Vi inviterer difor til ei fagsamling om temaet. Målgruppa for samlinga er kommunane.  

Vi ynskjer gjennom samlinga å informere om kva mogelegheiter kommunane har for samarbeid med staten om sikring og tilrettelegging av friluftsområde for ålmenta. Samlinga er eit samarbeid mellom Miljødirektoratet, Friluftsrådenes landsforbund, Norsk Friluftsliv og Sogn og Fjordane fylkeskommune.  

Påmelding: Klikk her. Arrangør dekker dagpakke på hotellet. Reise og eventuelt opphald må dekkast av deltakar.

For meir informasjon kontakt Lars Grøteide på 41530992/lars.groteide@sfj.no

Ei gruppe mennesker er på hausttur i fjellet på Vangsnes. Foto: På tur på Vangsnes (Vik kommune). Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00