Foto som syner fire unge menneske rundt eit bord. Biletet er teke i bordhøgd og opp mot ansikta. To står ved bordet, ei sit ved bordet og ei sit på bordet. På bordet står det nokre figurar av papp.
Foto som syner fire unge menneske rundt eit bord. Biletet er teke i bordhøgd og opp mot ansikta. To står ved bordet, ei sit ved bordet og ei sit på bordet. På bordet står det nokre figurar av papp.

Foto: Jo Bergersen

Starte eiga verksemd? Vi hjelper deg

Har du ein gründer i magen, og ein idé du ønskjer å setje ut i livet? Då kan du delta på gratis etablerarkurs for å kome vidare i prosessen.

Kurset består av tre samlingar på kveldstid og vert arrangert fire stadar i fylket i løpet av 2017. Først ute er kurset i Leirvik i Hyllestad, som startar 1. februar. Det er allereie 12 påmelde til dette kurset, og det er plass til 15 deltakarar.

Seinare i år vert det kurs i Førde, på Nordfjordeid og i Sogndal

Treng fleire gründerar

Deltakarane får ei praktisk tilnærming til korleis det er å starte si eiga verksemd, og du kan melde deg på om du har ein konkret idé, eller om du rett og slett berre er nysgjerrig.

– Vi treng fleire gründerar i Sogn og Fjordane. Vi treng folk som har gode idear og greier å setje dei ut i livet. Vi treng folk som vil noko, som får til noko, og som kan skape arbeidsplassar for både seg sjølve og andre. Dette er eit lågterskeltilbod for å få fleire til å tore å satse på ideane sine, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Hjelp til kvar enkelt

Etablerarkurset byggjer på metoden Lean Startup. Det går ut på korleis du kan redusere risiko og kostnadar gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden, og utvikle tenester og produkt som nokon vil betale for. Metoden kan tilpassast alle typar verksemder.

Kurset tek føre seg korleis du kjem deg frå A til B når du startar eiga verksemd. Undervegs vert det gode døme og oppgåver, som skal bidra til ein raskare og betre læringsprosess. Kurshaldaren hjelper kvar enkelt deltakar å styrke dei relevante lokale, regionale, nasjonale nettverka sine for å få framdrift i etableringa.

Kurset er utvikla av fylkeskommunen og Innovasjon Norge, i samarbeid med næringsselskap, kommunar og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Les meir om og meld deg på kurset på driftig.no.

For meir informasjon

Ingvild Andersen
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00