Stad skipstunnel

Bygginga av Stad skipstunnel vil bidra til å styrke sjøsikkerheita på Stadhavet. Stad skipstunnel vil vere verdas første skipstunnel og eit vesentlig bidrag for å betre framkome og sikkerheit for persontransport, godstransport, fiskefartøy og fritidsflåten, i eitt av dei mest vêrutsette og farlege havstykka langs norskekysten. Lokale forhold gjer at framkoma i området kan være nedsett sjølv på dagar med elles gunstige vêrforhold.

Stad skipstunnel er planlagt frå Eide i Moldefjorden under Mannseidet til Kjødepollen ved Vanylvsfjorden. Tunnelen skal ha ei lengde på 1700 meter, breidde på 36 meter og høgde på 50 meter. Ved realisering vert han verdas første skipstunnelen av denne dimensjonen. Prosjektet vil i følgje Kystverket redusere ventetida for passering rundt Stadt, redusere klimagassutslepp, samt redusere risikoen for ulukker. 

Teknisk forprosjekt på Stad skipstunnel vart ferdigstilt desember 2016 og viser eit einskapleg bilete av forhold som planlegging, bygging, anleggsverksemd, drift, estetikk og med kostnadsoverslag – føresetnader som må på plass for å bygge og drifte ein sikker, effektiv og berekraftig skipstunnel. Kvalitetssikring fase 2, utarbeidd av Oslo Economics og Atkins Norge, vart presentert 16.mai 2018. Denne rapporten viser ein redusert fornventa nytte av Stad skipstunnel med over 1 mrd. jamnfør med tidlegare tal, mellom anna brukt i gjeldande Nasjonal transportplan (NTP).

I Nasjonal transportplan 2018 - 2029 ligg Stad skipstunnel inne med ei kostnadsramme på 2,7 mrd, med oppstart i slutten av første seksårsperiode, og sluttføring i siste seksårsperiode. Det er viktig for Sogn og Fjordane fylkeskommune å få Stad skipstunnel inn i første fireårsperiode i handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2018 – 29, samt å få Stortinget til å løyve midlar til realisering av prosjektet.

Fakta om Stad skipstunnel

Utfordringar

Kvalitetssikring fase 2 anbefalar ei kostnadsramme på 4,35 mrd. 2018- kroner, og viser til at prosjektet vil gi ein negativ nytte på -3,1 mrd.kroner. Då er kostnaden forventa å vere noko dyrare enn i KS 1, i tillegg til at ein legg til grunn 40 års analyseperiode i staden for 75 år. Analysen viser eit tap på 26 000 kroner for kvart av dei 10-12 fartaøya som passerer skipstunnelen per dag i 40 år. Kystverket på si side meiner at dei kan bygge Stad skipstunnel for det som ligg inne i NTP, justert til 2018 - kroner.

I november 2018 vart det i  budsjettet for 2019 løyvd 20 mill.kr for vidare prosess med grunnerverv. For at dette arbeidet skal kome i gong må Kystverket få ei bestilling frå Samferdsledepartementet, som per utgangen av 2018 meiner at Stad skipstunnel skal byggast, men at kostnadane for prosjektet først må ned.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00