Stabilt og lågt fråvær i fylkeskommunen

Hovudsamarbeidsutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune sa seg veldig nøgd med fire prosent gjennomsnittleg sjukefråvær i 2014. Dette er det lågaste fråværstalet vi har registrert dei siste fem åra.

Fylkeskommunen har gjennom mange år viste høvesvis stabile og låge fråværstal.

– Om ein snur litt på det kan ein seie at vi har eit veldig høgt nærvær, heile 96 prosent. Det er eit sterkt tal, seier Arvid Stenehjem, rådgjevar i fylkesrådmannen sin stab.

God helse og færre helseutfordringar

Han fortel vidare at det er mange, men relativt usikre, forklaringsmodellar for dette.

– Ein nærliggande forklaring er at dei tilsette har god helse og har færre og mindre alvorlege helseutfordringar. Ein anna forklaring kan vere at terskelen for å melde seg sjuk er høg. Det kan òg vere at arbeidsplassen er attraktiv og at den gir helse og glede ved at arbeidsmiljøet er godt, seier Stenehjem.

Eit godt arbeidsmiljø er kjenneteikna med god leiing, god organisatorisk tilrettelegging og kompetente og motiverte medarbeidarar. For å få eit godt arbeidsmiljø må det arbeidast systematisk for å skapa gode møter med konstruktiv dialog. Dette gjeld mellom kollegaer, mellom leiarar, den som vert leia og mellom leiarane seg i mellom.

Meir inkluderande arbeidsliv

Dette er også i samsvar med intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) sitt overordna mål som er å betre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, førebygge og redusere sjukefråvær og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet.

IA-avtalen sitt første nasjonale delmål handlar om å prøve å redusere sjukefråværet med 20 prosent i forhold til nivået i andre kvartal 2001. Dette betyr at sjukefråværet på nasjonalt nivå ikkje skal overstige 5,6 prosent. Fylkeskommunen sitt overordna mål er å stabilisere sjukefråværet på fem prosent.

– Vi er veldig nøgde med vårt systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, og eg trur det er nøkkelen for å halde dette nivået, seier Stenehjem.

Kontaktperson

Arvid Stenehjem
Rådgjevar
arvid.stenehjem@sfj.no

915 76 880

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut