Illustrasjonsfoto av skitur
Illustrasjonsfoto av skitur

Foto: Unsplash

Stabilt lågt sjukefråvær i fylkeskommunen

Dei tilsette i fylkeskommunen er stort sett friske, viser årsstatistikken for 2017.

Det registrerte sjukefråværet i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2017 var 5,1 prosent.

– Det er 0,1 prosentpoeng over målsettinga om maksimalt 5 prosent. Vi leverer stabilt gjennomsnittlege låge fråværstal i samsvar med våre overordna mål i avtalen om inkluderande arbeidsliv  (IA-avtalen), seier rådgjevar Arvid Stenehjem i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sjukefråværet var 3,6 prosent blant mannlege tilsette, og 6,1 prosent blant kvinnene. Av sektorane i fylkeskommunen hadde tannhelsetenesta det høgaste fråværet med 5,8 prosent. Samla sjukefråvær i opplæringssektoren (dei vidaregåande skulane og fagskulen) var 5,3 prosent, medan talet for sentraladministrasjonen var 3,8 prosent.

Individretta arbeid

– I arbeidet vårt for utvikling av arbeidsmiljøet har vi gått frå kollektive tiltak til å jobbe meir individretta. Vi har ei målsetting om at sjukefråværet over tid ikkje skal vere over fem prosent, seier rådgjevar Arvid Stenehjem.

For å klare denne målsettinga, arbeider fylkeskommunen aktivt med førebyggande tiltak og oppfølging av sjukmelde medarbeidarar.

– For å halde på tilsette som får helseplager, prioriterer vi tilrettelegging av arbeidsplassen. Årleg gjennomfører vi grunnopplæring i arbeidsmiljøkunnskap som eit tilbod for leiarar, verneombod og medlemer av i arbeidsmiljøutvala våre.

Sjå statistikken her:


Årsstatistikk for sjukefråvær i Sogn og Fjordane fylkeskommune 2017 fordelt på sektorar og lengd

Statistikk: Utvikling av sjukefråvær i fylkeskommunen 2010–2017

For meir informasjon
Arvid Stenehjem
rådgjevar
arvid.stenehjem@sfj.no
tlf: +47 57638033

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut