Foto av tre unge jenter på ei bru i Førde. Dei er kledde i jeans og tynne jakkar. I bakgrunnen ser vi Hafstad vidaregåande skule.
Foto av tre unge jenter på ei bru i Førde. Dei er kledde i jeans og tynne jakkar. I bakgrunnen ser vi Hafstad vidaregåande skule.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Stabile søkjartal til vidaregåande opplæring

47 fleire har søkt plass på vg1 på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane samanlikna med i fjor. Auken er i all hovudsak til yrkesfag, som no står for 56 prosent av søknadane til vg1.

Det er auke i søkinga til yrkesfaglege utdanningsprogram og nedgang til studieførebuande utdanningsprogram.

I yrkesfag er det auke i søkinga til design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon og nedgang i søkinga til service og samferdsel. Til studieførebuande fag er det auke i søkinga til musikk, dans og drama. Til dei andre utdanningsprogramma er det berre små forskjellar i søkjartala.

Stabile søkjartal

I alt er det 4051 søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring i skule i Sogn og Fjordane skuleåret 2019–20. Det er 516 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det samla søkjartalet er 4567, fem færre enn i fjor.

418 søkjarar utan ungdomsrett har søkt dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er ein auke på 100 frå i fjor. Søkjarar utan rett kan få plass når dei vidaregåande skulane tek over inntaket i august, dersom det er ledige plassar.

Søkjartala syner førsteval

Til vidaregåande opplæring vg1 har søkjarar med ungdomsrett rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram dei har søkt å på. Vidare har søkjarane rett til to år vidare opplæring innanfor same utdanningsprogram. Ungdomsretten gjeld vidaregåande tilbod i heile fylket, men er ikkje knytt til ein særskilt skule.

Primærsøkjartala som i dag er offentleggjorde, syner førstevala til søkjarar med ungdomsrett. Tala viser altså ikkje fordelinga av søkjarane til det einskilde tilbodet ved inntak til vidaregåande.

Hovudutvalet for opplæring gjer vedtak om justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2019–20 i møtet den 27. mars.

Fleire søkjer læreplass i helsearbeidarfag

Sogn og Fjordane har intensjonsavtalar om 950 læreplassar i bedrift. Det er ein auke på 100 avtalar.

Det er i alt søkjarar til 51 ulike lærefag. Vi har intensjonsavtalar med bedrifter 34 lærefag der vi i år ikkje har søkjarar og søkjarar til fem lærefag der vi ikkje har intensjonsavtalar med bedrifter.

Desse lærefaga har fleire søkjarar:

  • Helsearbeidarfaget +14
  • Røyrleggjarfaget +13
  • Salsfaget +7
  • Ambulansefaget +6
  • Bilskadefaget +5

Desse lærefaga har færre søkjarar:

  • IKT-servicefaget -10
  • Energimontørfaget -7
  • Kokkfaget -5

Vidare tidsplan for inntak til skuleåret 2019-2020

  • 4. juli: Melding om første inntak
  • 11. juli: Svarfrist første inntak
  • 26. juli: Melding om andre inntak
  • 2. august: Svarfrist andre inntak
  • 12. august: Skulane tek over inntaket
  • 19. august: Skulestart for elevane

Informasjon om søkjartal til kvar enkelt skule og lærefag

Sjå tal for søkjarar med ungdomsrett til kvar skule (pdf)

Sjå tal for søkjarar med ungdomsrett til bedrift fordelt på fag (pdf)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00