Ei gruppe elevar står rundt ein kasse med sand og klossar som skal illustrere flaum.
Ei gruppe elevar står rundt ein kasse med sand og klossar som skal illustrere flaum.

Elevar prøver Firda vgs sin flaumsimulator under klimakonferansen Den grøne tråden. Foto: Hans Græsli / Firda VGS

Spennande klimaprosjekt med midlar frå fylkeskommunen

Klimakonferanse, vassdragtreff, kartlegging av vernskog og granulatfri kunstgrasbane er blant klima- og miljøtiltaka som har fått støtte i 2018. Første søknadsfrist i 2019 er 15. januar.

I fylkesutvalet i juni 2018 vart tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak styrka med 2 millionar kroner, noko som betydde at fylkeskommunen kunne støtte fleire og større klima- og miljøprosjekt enn tidlegare. Sidan juni har det vore to søknadsfristar, og alle midlane er brukte opp.

Tilskotsmidlane vert delt ut til prosjekt og tiltak som bidreg til ei klimaomstilling i Sogn og Fjordane. Sjå alle tiltaka som har fått støtte nedst i saka.

Mange gode prosjekt

– Auka rammer for tilskotsordninga gjorde til at vi kunne gå meir aktivt ut å promotere henne. Det er flott å sjå at så mange hadde gode prosjekt dei vil setje i gang, seier plansjef Synnøve Stalheim.

Regional plan for klimaomstilling blei vedtatt i juni 2018, og tilskotsmidlane skal nyttast til å tiltak og prosjekt som bidreg til å følgje opp måla og tiltaka i Regional plan for klimaomstilling og bidra til at Sogn og Fjordane skal klimaomstille seg. I 2018 har det ikkje vore tematiske avgrensingar på midlane for å fange opp eit breitt spekter av søkarar. Slik vil det også vere i 2019.

Neste sjanse i januar

Det kom inn søknadar for 1,3 mill kr meir enn rammene til tilskotsordninga. I 2019 kjem det nye høve til å søkje midlar frå tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak. Fyrste søknadsfrist er 15. januar 2019.

Les meir om tilskotsordninga og korleis du søkjer

Fylkeskommunen har gjeve tilskot til følgjande prosjekt og tiltak i 2018:

Søkar

Prosjekt

Naturvernforbundet

Vassdragstreff Aurland

Sogndal folkehøgskule

Seminar om solenergi

Nordfjordrådet

Energinettverk Nordfjord

Firda VGS

Klimakonferansen «Den grøne tråden»

SINTEF Energi

Grøn energi Stryn Sommarski

Gloppen kommune

El-sykkel i premie til europeisk mobilitetsveke i Gloppen

Jølster kommune

• Kartlegging av vernskog i Jølster og utarbeiding av rutine for skjøtselplan
• Profilering av interkommunal plan for klimaomstilling i
Sunnfjord

Stadlandet skule

Miljøveke 2019

Årdal kommune

Rehabilitering av kunstgrasbana på Jotun Stadion – utan gummi-granulat

NFF Sogn og Fjordane

Rister ved inngangsparti for oppsamling av gummigranulat – 3 pilotanlegg.

Flora kommune

Reparasjonsstativ og luftpumpe ved Klatreparken

Vestlandsforsking

Kartlegging av erfaringar frå regionalt plan- og klimatilpassings-
arbeid i nye Vestland fylke – finansiert saman med Hordaland
fylkeskommune

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut