Foto frå oppstartssamlinga til det internasjonale prosjektet P-IRIS i april 2017. Biletet er frå Fosshaugane Campus i Sogndal, der deltakarane på samlinga er samla på bana. Ein av dei sparkar ein fotball mot dei andre, sparkar i gang prosjektet.

Det internasjonale P-IRIS-prosjektet vart sparka i gang på Fosshaugane Campus i Sogndal. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sparka i gang internasjonalt prosjekt

Partnarar frå Slovenia, Kroatia, Italia, Spania og Finland var på plass då det var kickoff for det internasjonale prosjektet P-IRIS i Sogndal 25. og 26. april.

Fylkeskommunen leiar prosjektet, som går frå 2017 til 2021. Det skal sjå på korleis ein kan betre arbeidet med innovasjonsnettverk i distrikta. Første fase går ut på å kartleggje innovative nettverk hjå partnarregionane. Prosjektleiar Ingvild Andersen er glad for å vere i gang.

– Endeleg er prosjektgruppa samla, og vi er klare for å markere avsparket for prosjektet vårt. Og vi kunne ikkje ha bedt om betre vêr når vi skal vise fram det flotte fylket vårt, seier Andersen.

Må etablere felles forståing

Programmet for Kickoff gjekk over to dagar, med kring 30 deltakarar kvar dag. Deltakarane fekk omvising og føredrag på Fosshaugane Campus i Sogndal og på TechYard i Førde. Ei lenke til programmet ligg nedst i denne saka.

– Det viktigaste med denne første samlinga er at vi får ei felles forståing av korleis vi skal jobbe framover. Det blir ein del kartleggingsarbeid i første fase av prosjektet, og då må vi gå ut frå eit eigna teorigrunnlag. Med seks land involverte, må vi vere budde på kulturforskjellar, og vi må søkje å forstå motivasjonen dei ulike deltakarane har for å delta i prosjektet. Viss ikkje blir det vanskeleg å lære noko av kvarandre , seier Andersen.

Neste samling i Spania

Medan fase ein av prosjektet går ut på kartlegging av innovative nettverk hjå partnarregionane, går fase to ut på setje i verk det ein har lært i fase ein. Den praktiske gjennomføringa aukar sjansane for at prosjektet vert vellukka, og at dei gode praksisane ein har lært undervegs faktisk blir følgde opp.

Neste gong partnarane skal møtast er det hjå den Spanske partnaren, SODEBUR, i Burgos. Les meir om partnarane og kva for organisasjonar dei representerer her.

Les meir om prosjektet her.

Program for kickoff-samlinga.

Les meir

For meir informasjon

Ingvild Andersen
prosjektleiar P-IRIS og rådgjevar i fylkeskommunen
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Del dette:

Relaterte lenker