Spanande arbeidsplassar og fin dialekt

Fylket synte seg godt fram på tidenes best besøkte arbeidslivsdag ved Universitetet i Oslo (UiO). Sogn og Fjordane fylkeskommune og Framtidsfylket fekk mange spørsmål om karrieremogelegheiter, skikøyring og traineeprogram frå søkande studentar.

– Det er viktig for oss å vere med på slike messer for å vise fram fylket og formidle mangfaldet av arbeidsmogelegheiter både i fylket og hjå fylkeskommunen, seier Jan-Erik Weinbach, rådgjevar ved personalavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Den årlege Arbeidslivsdagen ved UiO er ein møteplass for arbeidsgjevarar, studentar og nyutdanna. UiO melder om rekordbesøk 28. september, då fylkeskommunen og Framtidsfylket stilte på stand i lag med bedrifter og andre offentlege arbeidsgjevarar for å svare på spørsmål knytt til jobbmoglegheiter og rekrutteringsprosessar.

Jobbmoglegheiter i fylket

Det var mange ulike tilbakemeldingar på kva som gjer fylket attraktivt.

– Traineeprogrammet til Framtidsfylket får stor merksemd, ein av traineeane i fylkeskommunen var med og informerte. Mange har også høyrt om det gode studentmiljøet i Sogndal, og mange er kjende med friluftsmoglegheiter som fjellklatring, tindekøyring på ski og gode snøforhold. Då er det vår oppgåve å synleggjere jobbmoglegheitene i fylket! Også er det kjekt å få tilbakemelding på at vi er imøtekommande, kjekke å prate med og har ei flott dialekt, seier Weinbach.

– Det var mange jusstudentar innom oss, ein del statsvitarar, pedagogar som vil undervise og ein del med realfag, seier Weinbach.

Treng pedagogar

– Vi opplever at dei fleste ikkje veit kva ein fylkeskommune driv med, og kva arbeidsplassar vi tilbyr. Men når dei snakkar med oss likar dei samfunnsansvaret vi har, og skjønar at vi har mange spanande jobbar, på mange fagfelt. No treng vi særleg fleire pedagogar til vidaregåande opplæring, pedagogar trengs også i kommunane og høgskulane i fylket, og vil treng fleire til tannhelse. Elles hjelp vi alltid til med å finne fram til andre passande arbeidsgjevarar i fylket, seier han.

Fylkeskommunen og Framtidsfylket deltek også på KarriereDagen for alle studentane i Bergen tysdag 12. oktober.

– I Bergen har vi vanlegvis eit endå større trykk på oss. Der er det fleire frå Sogn og Fjordane, som kjenner fylket, fylkeskommunen og andre arbeidsgjevarar. Det blir travelt, men det er alltid morosamt å vere frå Sogn og Fjordane på desse messene, seier Weinbach.

Del dette:

Relaterte lenker