Sogndalselevar på besøk på Fylkeshuset

To klassar frå Sogndal vidaregåande skule var 29. april på besøk på Fylkeshuset i Leikanger, der dei fekk ei innføring i kva fylkeskommunen driv med. – Vi lærte mykje om korleis ting heng saman, og korleis fylkeskommunen er bygt opp, seier Dorte Grønsberg frå Vik.

Ho er ein av rundt 45 elevar frå VG1 studiespesialisering som var på plass i Firdasalen på Fylkeshuset denne fredagen. Der vart dei møtte av Knut Henning Grepstad som gav dei ei innføring i ulike sider av fylkeskommunen spesielt og fylket generelt. Og Vilde Riiser Bøtun, Håkon Risnes og Silje Husabø vedgår at dei ikkje visste så mykje før dei kom.

Arbeidsoppgåver og fordeling

– Eg visste om både fylkeskommunen og Fylkesmannen, men visste ikkje kva oppgåver dei har. Vi lærte mykje – også at det er viktig å ta vare på fylket, seier Silje.

Dei vekk vite kva oppgåver og ansvar fylkeskommunen har, og korleis fordelinga og samarbeidet mellom administrasjonen og politikarane er. Og ungdomane vi snakka med er delte i synet på kvar dei helst ville halde til, Silje og Dorte ville helst ha vore politikarar, medan Håkon og Vilde heller ville arbeidd i administrasjonen.

Viktig å tenkje positivt om eige fylke

Etter besøket på fylkeshuset, reiste ungdomane vidare til naboen Fylkesmannen i Statens hus. Elevane merka seg også oppmodinga frå Knut Henning Grepstad om å sjå moglegheiter i eige fylke.

– Vi fekk vite at det finst mange spennande jobbar i Sogn og Fjordane, og at det er viktig å sjå jobbmoglegheiter her og tenkje positivt om eige fylke, seier Håkon og Vilde.

Besøket på Fylkeshuset var ein del av samfunnsfagsundervisninga, og dette er andre året på rad elevar frå Sogndal vidaregåande skule er på slikt besøk.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00