Sogndal overtek Luster-samarbeid med latvisk skule

Luster vidaregåande skule har dei siste sju åra hatt eit godt samarbeid med Daugavpils Trade Vocational Secondary School i Latvia. Fredag skreiv rektor Marta Sofie Vange ved Sogndal vidaregåande skule og den latviske rektoren under på at dei vil halde fram samarbeidet.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med den latviske skulen dei siste sju åra, med studieturar, elevutveksling og utveksling av undervisingsmetodar. Det er godt å sjå at samarbeidet held fram i Sogndal no når Luster vert avvikla, seier rektor Kenth-Rune Teigen Måren ved Luster vidaregåande skule.

Besøk for å lære om undervisingsmetodikk

Rektor og to lærarar frå Daugavpils var på besøk til Luster sist veke. Denne gongen var målet å sjå nærare på undervisingsmetodikken ved skulen og å utveksle erfaringar. Den latviske delegasjonen følgde elevar og lærarar gjennom heile veka. Fredag tok dei turen til Sogndal vidaregåande skule, der dei møtte rektor Marta Sofie Vange og internasjonal koordinator Heidi Fondenes.

Etter eit kort møte, der dei to skulane vart betre kjende, skreiv rektorane under på intensjonsavtalen. Marta Sofie Vange er sikker på at Sogndal skal klare å halde fram det gode samarbeidet.

Tek med seg det beste frå Luster

– Når Luster no vert avvikla, og mange av både elevane og lærarane kjem til oss, er det viktig at vi tek med oss kvalitetane frå Luster vidaregåande skule også i framtida. Blant anna er dei årlege studieturane barne- og ungdomsarbeidarelevane har hatt til Latvia, ein god tradisjon, og vi ønskjer å vidareføre denne, seier Vange.

Den latviske skulen ligg i byen Daugavpils, som ligg tre timar køyring frå hovudstaden Riga – og like langt frå den litauiske hovudstaden Vilnius. Det går mellom 350 og 400 elevar på skulen, som tilbyr studieretningar innan hotellfag, konditorfag, restaurantfag, butikkfag, matfag og guiding. Og som Sogndal vidaregåande skule, tilbyr også den latviske skulen undervising i eit lokal fengsel.

For meir informasjon

Marta Sofie Vange
rektor Sogndal vidaregåande skule
tlf.: 957 21 392
e-post: marta.sofie.vange@sfj.no

Kenth-Rune Teigen Måren
rektor Luster vidaregåande skule
tlf.: 415 30 971
e-post: kenth.rune.maren@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00