Sogn Tingrett frikjende fylkeskommunen frå Tide Sjø sitt erstatningskrav

Sogn og Fjordane fylkeskommune er i Sogn Tingrett frikjend frå kravet frå Tide Sjø om å betala erstatning på 119,2 millionar kroner. Tide Sjø gjekk til sak mot fylkeskommunen fordi dei ikkje fekk kontrakt på snøggbåtsambanda mellom Sogn og Fjordane og Bergen. - Ein gledeleg dom. Sogn og Fjordane fylkeskommune har vunne fram med argumenta våre, seier fylkesordførar Nils R. Sandal i ein første kommentar til dommen som vart kjend i dag.

Fylkesordføraren minner om at ankefristen ikkje er gått ut, og at dommen difor enno ikkje er rettskraftig:

- Eg avventar det endelege utfallet, seier Sandal.

I dommen i Sogn Tingrett vart Sogn og Fjordane fylkeskommune frifunnen mot å betala Tide Sjø 1,2 millionar kroner. Beløpet skal dekka Tide Sjø si negative kontraktsinteresse, det vil seia selskapet sine faktiske kostnadar ved å delta i anbodsprosessen.

Retten har kome til at det ikkje er sannsynleggjort at Tide Sjø ville fått kontrakten, og at vilkåra for å idømma fylkeskommunen eit erstatningsansvar for tap av positiv kontraktsinteresse difor ikkje er tilstades. Med positiv kontraktsinteresse meinast den fortenesta Tide Sjø hevda dei ville hatt om dei hadde fått kontrakten.

Tide Sjø vart dømt til å dekka fylkeskommunen sine sakskostnadar med vel 2,1 millionar kroner. Dette fordi retten etter ei heilheitsvurdering har kome fram til at fylkeskommunen i det vesentlege har vunne fram med sitt syn.

Kontrakten med Fjord1 vart stoppa, og vart sendt ut på nytt anbod.

For ytterlegare informasjon, kontakt:
Fylkesordførar Nils R. Sandal, tlf. 91 55 22 19

Les dommen her

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no