Sogn og Fjordane tilstades på KarriereDagen

Sogn og Fjordane fylkeskommune var tilstades på KarriereDagen 2010 i Trondheim, i lag med Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Energi.

Torsdag 23. september blei KarriereDagen arrangert i regi av Bindeleddet-NTNU, linjeforeininga ved Industriell økonomi og teknologileiing.

På standen til Framtidsfylket kunne ein finne Anne van Oorschot frå Framtidsfylket, samt traineeane Gjermund Kvernmo frå Sogn og Fjordane Energi og Asbjørn Ness frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Med stand i den midtre gata var det ingenting å utsetje på straumen av studentar og dei som stoppa for ein prat.

Plakatoppslag frå arbeidsgjevarane til traineeane tilførte standen ein smakebit av dei varierte jobbane som finst i fylket. Saman med den spreke plakaten til Framtidfylket, med ein trainee på surfebrett, skapte Sogn og Fjordane-standen nysgjerrigheit hjå mange.

Arrangementet som er til for fremje kontakt mellom studentane på NTNU og norske bedrifter, blei òg i år halde i ein midlertidig messehall på NTNU Gløshaugen i Trondheim. 86 bedrifter hadde stand fordelt utover det 2000kvm store område, og blant desse var Framtidsfylket.

KarriereDagen 2010 er den første av fleire kommande messer Sogn og Fjordane fylkeskommune deltek på i løpet av hausten. 28. september reiste fylkeskommunen på Arbeidslivsdagen i Oslo, og 12. oktober Karrieredagen 2010 i Bergen i regi av Springbrettet (Bergensstudentanes karriereutval).

Del dette:

Relaterte lenker