Foto frå hjartestien i Trivselsskogen på Sandane. Det er lagt ned steinheller med hjarteform på stien gjennom skogen.
Foto frå hjartestien i Trivselsskogen på Sandane. Det er lagt ned steinheller med hjarteform på stien gjennom skogen.

Trivselsskogen på Sandane er blant dei som har fått spelemidlar for å leggje til rette for stiar og turvegar. Foto: Trivselsskogen

Sogn og Fjordane prioriterer friluftslivet

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som i 2018 brukte mest midlar på friluftsliv per innbyggjar.

Totalt vart det brukt nesten 16 millionar kroner på friluftsliv i Sogn og Fjordane i 2018. Det er om lag 144 kroner per innbyggjar – nesten tre gonger så mykje som landsgjennomsnittet på 55 kr.

Midlane til friluftslivet kjem frå fylkeskommunen, Miljødirektoratet og frå spelemidlane. Tala kjem fram i ein nyleg publisert rapport frå Friluftsrådenes Landsforbund.

– Dette er gledelege tal. Fylkeskommunen ønskjer å bidra til at både innbyggjarane i fylket vårt og dei som besøkjer oss, kjem seg ut i den flotte naturen vår. Dette er noko vi har jobba aktivt med i fleire år og som vi no ser gode resultat av, blant anna med dagsturhyttene, seier Arne Monrad Johnsen, som jobbar med friluftsliv i fylkeskommunen.

Mykje spelemidlar til friluftsliv

Noko av grunnen til at Sogn og Fjordane kjem så godt ut i denne statistikken, er at vi er den fylkeskommunen i landet som nyttar klart mest av spelemidlane til friluftslivsanlegg. I fjor tildelte vi 13 299 000 kr av spelemidlane til anlegg for friluftsliv, mot eit gjennomsnitt per fylke på 5 141 777 kr.

Spelemidlane er ein nasjonal konkurransepott, som blir fordelt til fylka etter kor mange og gode søknadar dei sender inn. Kvart fylke får ein pott, som så blir fordelt ut til anlegg, tiltak og føremål rundt om i fylket. Sogn og Fjordane fylkeskommune har dei siste åra jobba mykje med å sikre gode spelemiddelsøknadar frå fylket, blant anna ved å arrangere kurs i søknadsskriving for aktuelle søkjarar.

Satsing på turvegar og stiar

Den høge spelemiddelsummen i Sogn og Fjordane er delvis knytt til satsinga på dagsturhytter dei siste åra. Men ein stor del kjem også frå ei storsatsing på opparbeiding og rehabilitering av turvegar i turstiar i fleire av kommunane i fylket.

– Visjonen vår i arbeidet med fysisk aktivitet og friluftsliv er fysisk aktivitet for alle. Då må vi leggje til rette for nettopp det, at alle enkelt skal kunne vere fysisk aktive i fylket vårt. Difor har vi prioritert turvegar og stiar, både nye og gamle. Vi jobbar også med å auke tilgjengelegheita til friluftslivsanlegg, slik at det skal vere mogleg for fleire å ta del i friluftslivsaktivitetar, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede.

Oversikt over fylkesvisfordeling av midlar til friluftsliv

Tabellen syner tilskotsmidlar til friluftslivsføremål frå fylkeskommunane, spelemidlane og statlege friluftslivsmidlar fordelt på fylke og totalsum fordelt per innbyggjarar i fylka. For Oslo er ikkje eigne midlar tekne med i totalsummen fordi Oslo er både kommune og fylke, og kommunale midlar er ikkje del av oversikta.

Alle tala er i 1000 kr.


Tabell som syner fylkesvis oversikt over midlar brukt til friluftslivsføremål i 2018.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut