Sogn og Fjordane ønskjer ringverknader i fylket ved subseautbygginga Visund Sør

Statoil leverer i desse dagar plan for utbygging og drift (PUD) av subsea-feltet Visund Sør (tidlegare Pan Pandora) innanfor Visund-lisensen. Visund ligg i det sentrale nedslagsområdet for petroleumsverksemd i Sogn og Fjordane. Florø er forsynings- og helikopterbase for aktivitet på plattforma, og fylkeskommunen finn det naturleg at slik aktivitet vert lagt til Florø for den planlagde utbygginga. Vidare er det svært viktig at subseautstyr til feltet vert lagra og halde vedlike i Florø. Dette vil styrkje subseamiljøet som no er under oppbygging med relevant kompetanse på Fjord Base.

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev fråsegn i høve planen i form av brev til Statoil Petroleum AS og Olje- og energidepartementet.

Likelydande brev til:

Statoil Petroleum AS
4035 Stavanger

Olje- og energidepartementet
Postboks 8148 Dep
0033 Oslo

Fråsegn i høve plan for utbygging og drift av Pan Pandora/Visund Sør

På Sandefjordkonferansen orienterte konsernsjef Helge Lund om at PUD for Pan Pandora, som no byter namn til Visund Sør, vert levert om få dagar. Då det ikkje har vore særskilt konsekvensutgreiingsprosess med offentleg høyring av planane, vel vi å kommentere på denne måten.

Visund Sør er eit utbyggingsprosjekt i lisens 120, som mellom anna omfattar Visund-plattforma. Fjord Base er forsynings- og helikopterbase for Visund-feltet, noko som også følgjer av konsesjonsvilkåra for lisensen.

I kapittel 13 skriv regjeringa i gjeldande samarbeidsplattform mellom anna følgjande:

”… Det er et mål at nye prosjekter skal gi regionale ringvirkninger ved at de bidrar til næringsutvikling og arbeidsplasser lokalt/regionalt, blant annet gjennom lokalisering av driftsorganisasjonene. Særlig viktig er det å satse på kompetansearbeidsplasser lokalt”.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ved fleire høve peika på at i forhold til den store petroleumsproduksjonen vi har utanfor fylket, så har vår utteljing i form av sysselsetting og vekst, vore låg. Vi er difor svært opptekne av at nye prosjekt skal få lokal effekt.

Visund Sør er ei subseautbygging. Også slike utbyggingar medfører stor aktivitet i byggefasen, og her bør Florø vere eit naturleg val med omsyn til persontransport, forsyningar og mellomlagring og mobilisering av utstyr. Helikopterkapasiteten er nyleg dobla, og basen er under stadig utbygging, så forholda for å få dette til burde vere dei beste.

Vidare er vi i driftsfasen svært opptekne av at subseautstyret vert lagra og halde vedlike i Florø. Visund Sør skal byggast ut med teknologi levert av FMC. FMC etablerer i desse dagar eigen organisasjon i Florø, der dei vil ha ansvar for vedlikehald av utstyr til Vega og Gjøa på oppdrag frå høvesvis Statoil og GdF Suez. Vega og Gjøa nyttar utstyr av siste generasjon som etter det vi forstår vil ha stor likskap med utstyret som skal nyttast til Visund Sør.

Auka subseaaktivitet i Florø er ei av våre hovudmålsettingar i forhold til utvikling av petroleumsverksemda i regionen. Vi oppfattar dette som spanande og framtidsretta arbeidsplassar med viktige samfunnsmessige ringverknader.

Slik vi ser det, vil det både samfunnsmessig og politisk, men også ut frå forretningsmessige og praktiske omsyn, vere gode grunnar for at subseautstyr til Visund Sør vert lagra og vedlikehalde i Florø.

Med helsing
Nils R Sandal signatur 2
Nils R. Sandal
fylkesordførar

Del dette:

Relaterte lenker