Tre tømrarlærlingar på pallen under medaljeseremonien på yrkes-NM. Joakim Skrede Skjeldestad frå Sogn og Fjordane står på førsteplassen med hendene i vêret med gullmedalje rundt halsen.
Tre tømrarlærlingar på pallen under medaljeseremonien på yrkes-NM. Joakim Skrede Skjeldestad frå Sogn og Fjordane står på førsteplassen med hendene i vêret med gullmedalje rundt halsen.

Joakim Skjeldestad frå Sogndal hamna øvst på pallen under yrkes-NM denne veka. Foto: Worldskills Norway

Sogn og Fjordane-lærlingar til topps i yrkes-NM

To gull og eitt sølv kjem heim til Sogn og Fjordane etter yrkes-NM på Hellerudsletta denne veka: Tobias Bueie frå Svelgen tok gull i industrimekanikarfaget, Joakim Skrede Skjeldestad frå Sogndal tok i gull i tømrarfaget, og Vegard Marius Benjaminsen frå Førde tok sølv i bilfag, lette køyretøy.

Joakim Skjeldestad, som tok NM-gull i tømrarfaget, er lærling ved Byggsenteret Audun Hundere AS og tilknytt opplæringkontoret Byggopp Sogn og Fjordane.

Tobias Bueie, som tok gull i industrimekanikarfaget, er lærling ved Bilfinger i Svelgen og tilknytt Pro opplæringskontor for industri- og teknologifag.

Vegard Marius Benjaminsen, som tok sølv i lette køyretøy, er lærling ved Auto 8-8 i Førde og tilknytt Bilbransjens opplæringskontor Sogn og Fjordane.

Tre industrimekanikarlærlingar på pallen under medaljeseremonien på yrkes-NM. Tobias Bueie frå Sogn og Fjordane står på førsteplassen med gullmedalje rundt halsen.

Tre bilfaglærlingar på pallen under medaljeseremonien på yrkes-NM med medalje rundt halsen.

Yrkes-NM for lærlingar og unge fagarbeidarar vart arrangert av Worldskills Norway, Utdanningsetaten i Oslo og Akershus fylkeskommune. 

Vi gratulerer vinnarane, lærebedriftene og opplæringskontora!

(Alle foto: Worldskills NorWay)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00