Sogn og Fjordane i skuletoppen

I Sogn og Fjordane gjennomfører 76,7 prosent vidaregåande opplæring på normert tid. Tala viser at i dei studieførebuande utdanningsprogramma er det 90 prosent som gjennomfører, medan i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det 64,7 prosent som gjennomfører.

– I dei nasjonale tala er det 70,6 gjennomføring på normert tid, 86,4 prosent på alle dei studieførebuande programma og 57,5 prosent på alle dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, seier Sissel Espe, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Viktig

Ho legg vekt på viktigheita av å få ungdomen til å fullføre grunnopplæringa.

– Å få ungdom til å gjennomføre vidaregåande opplæring er den viktigaste jobben til alle som arbeider med elevar og lærlingar i grunnopplæringa, seier ho.

I fylket vel om lag 50 prosent yrkesfagleg utdanningsprogram. Her lykkast ein i mindre grad med å få ungdomen til å gjennomføre. Likevel ser vi no ei positiv utvikling.

– 81 prosent av dei som gjekk ut av vg2 yrkesfag i våren 2014, hadde fullført og bestått. Det er særs gode resultat å byggje vidare på, seier Espe.

I landstoppen

Trass i at folk i Sogn og Fjordane har eit lågt utdanningsnivå, er elevane i landstoppen.

– Ser vi på snittkarakteren elevane har når dei går ut av grunnskulen, og på dei som fullfører og består vidaregåande opplæring, presterer ungdomane best i landet, seier Espe.

Ynskjer god samhandling

Ho konkluderer med at Sogn og Fjordane kan vise til gode resultat, men har framleis alt for mange ungdomar i aldersgruppa mellom 16 og 24 år som korkje er i utdanning eller i arbeid.

– Vi må vere tette på elevane og lærlingane. God samhandling mellom alle involverte partar er stikkorda for auka gjennomføring.

Fylkeskommunen har satt i gang fleire tiltak:

  • Læreplasskurs for ungdom som ikkje fekk læreplass etter vg2
  • Tilrettelegging på individnivå for å følgje opp og kvalifisere elevar/lærlingar
  • Nettverksarbeid mellom dei vidaregåande skulane og det lokale næringsliv
  • Dialogmøte med kommunane om grunnopplæringa (1-13) Desse tek utgangspunkt i statistikk som fortel om ungdomen som har fullført og bestått og kva tiltak som ligg bak. Fylkeskommunen har også sett i gang dialogmøte om overgangen Vg2-lære mellom involverte partar
  • Tett oppfølging av skulane og praksis i klasserommet i høve grunnleggande dugleikar, yrkesretting og relevans

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00