fy 8s 6483mz
fy 8s 6483mz

Sogn og Fjordane fylkeskommune vann sak om forkjøpsrett i lagmannsretten

Gulating lagmannsrett har som Sogn og Fjordane tingrett slått fast at fylkeskommunen kan overdra aksjar til kommunane i Sogn og Fjordane utan at dette vil utløyse forkjøpsrett for BKK.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig den største aksjeposten i Sogn og Fjordane Energi (SFE) gjennom selskapet SF Holding. Fylkeskommunen har gått til søksmål mot BKK, den nest største eigaren i SFE, for å få avklart om dei vil ha forkjøpsrett ved ei eventuell overføring av aksjane i SF Holding når Sogn og Fjordane vert slått saman med Hordaland.

Lagmannsretten har no, som Sogn og Fjordane tingrett, slått fast at det ikkje vil utløyse forkjøpsretten til BKK om fylkeskommunen vel å overføre aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane.

Domstolane si vurdering er viktig for å avklare handlingsalternativa fylkeskommunen har for å sikre at verdiane som aksjane i SFE representerer kan bli verande i Sogn og Fjordane også etter fylkessamanslåinga.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990