Sogn og Fjordane fylkeskommune sin rekneskap for 2010

Administrasjonen har no lagt fram fylkeskommunen sin rekneskap for 2010. Rekneskapen er gjort opp med eit overskot på 30,7 mill kr.

Overskotet kjem fram slik:

13,8 mill kr meirinntekter fylkesskatt/rammetilskot
1,3 mill kr netto meirinntekter renter
0,8 mill kr meirinntekt lokale inntekter
14,8 mill kr innsparing på sektornivå


Fylkesskatt og rammetilskot viser eit positivt avvik i høve justert budsjett på 0,7 %, tilsvarande 13,8 mill kr. Det positive avviket har samanheng med betre skatteinngang på nasjonalt nivå enn prognostisert.

Netto renteutgifter: Innsparinga på 1,3 mill kr fordeler seg slik:
- Auka renteutgifter -0,1 mill kr
- Auka renteinntekt 0,6 mill kr
- Auka rentekompensasjon 0,8 mill kr


Lokale inntekter: Fylkeskommunen fekk 76,5 mill kr i netto inntekter for sal av konsesjonskraft. Dette er 0,4 mill kr meir enn budsjettert. Fylkeskommunen fekk og inn 0,4 mill kr meir i utbytte for 2010 enn budsjettert.

Sektorane

På sektornivå viser rekneskapen ei netto innsparing på 14,8 mill kr. Dei største innsparingane er:

Sektor Overskriding (+)
Innsparing (-)
Forvaltning Opplæring
Samferdsle
- 2,6 mill kr
- 6,1 mill kr
- 6,4 mill kr


Innsparinga innan forvaltning kjem i hovudsak (1,9 mill kr) av at vedtekne utgifter ikkje er utbetalt ved årsskiftet og inntekter som høyrer til tidlegare år er ført på 2010. På andre postar er det både mindreforbruk og overskridingar som netto utgjer 0,7 mill kr

Dei vesentlege innsparingane innan opplæring kjem på anslagspostar som gjesteelevar (1,0 mill kr), fellesutgifter (1,0 mill kr), tilskot til lærlingar (0,8 mill kr) og vaksenopplæring (1,0 mill kr). I tillegg er det ei innsparing på 2,0 mill kr på diverse mindre postar.

Innsparingane innan samferdsel er innsparing på ferjedrifta (5,6 mill kr) og administrasjon av fylkesvegar (0,8 mill kr).

Del dette:

Relaterte lenker