Sogn og Fjordane fylkeskommune legg fram rekneskapen for 2012

Administrasjonen har no lagt fram rekneskapen for 2012. Resultatet er positivt som følgje av den gode skatteinngangen til kommunesektoren i slutten av året, andre finansielle postar og innsparingar på sektornivå. Rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) er på 50,5 millionar kroner.

Overskotet kjem fram slik

22,7 mill. kr meirinntekter fylkesskatt/inntektsutjamning
3,5 mill. kr til gode på avsetjinga til lønsoppgjer
1,7 mill. kr innsparing pensjon/premieavvik
5,2 mill. kr meirinntekter netto kapitalutgifter og intern finansiering
2,3 mill. kr mindreinntekt sal av konsesjonskraft
19,7 mill. kr innsparing på sektornivå

Kapitalutgifter og intern finansiering

Innsparinga på 5,2 mill. kr er i hovudsak reduserte renteutgifter og auka bruk av fond.

Sal av konsesjonskraft

Svikten på 2,3 mill. kr skuldast høgare innkjøpskostnader enn lagt til grunn i budsjettet. Denne svikten kjem i tillegg til at budsjettposten vart redusert med 20,0 mill. kr hausten 2012 som følgje av låge kraftprisar.

Innsparing på sektorane

Innsparinga på sektorane er på 19,7 mill. kr og dei vesentlege avvika finn vi på:

Forvalting som har ei innsparing 3,6 mill. kr. Dei største postane er 2,0 mill. kr i mindreforbruk på bedriftshelseteneste og 1,0 mill. kr i betre resultat for utleigebustader.

Opplæring har ei innsparing på 3,8 mill. kr. Reduserte kraftprisar gjev ei innsparing på 4,5 mill. kr på oppvarming av skulane. Elles er det mindre avvik på mange postar.

Samferdsle (trafikksubsidiar) har ei innsparing på 11,4 mill. kr. Dette fordeler seg slik:

  • Buss: innsparing på om lag 3 mill. kr. Innsparinga er knytt til skuleskyss og kompetansemodular for bussjåførar.
  • Ungdomskortet: innsparing på om lag 1,7 mill. kr.
  • Båt: innsparing på om lag 6,7 mill. kr. Hovudforklaringa på den store innsparinga er auka billettinntekter, at Losvesenet kom inn som kunde i Florabassenget, samt at prisvekstkomponenten i båtkontraktane kom betre ut enn budsjettert.

Fylkesrådmann Tore Eriksen er godt nøgd med resultatet. Han minner samtidig om at ekstrainntektene og innsparingane i hovudsak skriv seg frå budsjettpostar som ikkje er knytte opp mot den underliggjande drifta i fylkeskommunen.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut