Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev 50 000 kroner til tv-aksjonen

Fylkeskommunen gjev 50 000 kroner til tv-aksjonen 2011. Pengane går til arbeidet Norsk Folkehjelp gjer med å rydde miner og klasebomber i Europa, Afrika og Asia.

Tv-aksjonen går av stabelen søndag 23. oktober og vert sendt direkte på NRK.

Sju land får særskild merksemd under aksjonen: Laos, Vietnam, Sør-Sudan, Guinea Bissau, Bosnia-Herzegovina, Libanon og Tadsjikistan. Noko av pengane vil gå til trening av minehundar i Norsk folkehjelp sitt globale treningssenter i Bosnia-Herzegovina.

Det var fylkesutvalet som i møte 1. september avgjorde at fylkeskommunen skal stø aksjonen med 50 000 kroner.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568