Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk medhald i KOFA

Bergen-Nordhordland Rutelag (BNR) klaga i sommar Sogn og Fjordane fylkeskommune inn for Klageorganet for offentlege anskaffelser (KOFA), for det dei meinte var feil i utlysinga av anbodet på snøggbåtrutene mellom Sogn og Bergen. Klaga er no avvist av sekretariatet til KOFA, som gjev fylkeskommunen fullt medhald.

BNR meinte fylkeskommunen gjorde ein feil då anbodet på snøggbåtrutene vart lyst ut som tenestekonsesjonskontrakt etter yrkestransportlova. Dei meinte anbodet heller skulle vore kunngjort i tråd med lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Sekretariatet til KOFA gjev derimot fylkeskommunen fullt medhald, og avviser klaga for vidare handsaming i klageorganet.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers er nøgd med avgjerda, og meiner det BNR har drive med er usakleg og kan ha svekka omdømet til fylkeskommunen.

– Etter mi vurdering har BNR og Trygve Tønnessen drive rein trakassering av fylkeskommunen gjennom heile anbodprosessen. KOFA slår no fast at dei ikkje har hatt sakleg grunnlag for kritikken sin. I ein frå før krevjande anbodsprosess, har BNR kosta oss tid, pengar og meirarbeid – som vi ikkje kan få dekka, seier Øhlckers.

BNR leverte ikkje sjølv tilbod i anbodskonkurransen, og det var Tide Sjø som til slutt fekk kontrakt på snøggbåtrutene. Fylkeskommunen har heile tida vore sikker på at måten konsesjonen vart lyst ut er rett, og valde difor å signere kontrakten med Tide Sjø på båtrutene i slutten av november – før svaret frå KOFA låg føre.

Les brevet frå KOFA til BNR.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Jan Øhlckers
Fylkesrådmann
E-post: jan@sfj.no
Telefon: 415 30 963

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no