Bilete frå møte i fylkestinget. Mange politikarar i salen, ein på talarstolen. Fylkesordførar og fylkesrådmann sit fremst.
Bilete frå møte i fylkestinget. Mange politikarar i salen, ein på talarstolen. Fylkesordførar og fylkesrådmann sit fremst.

Heile fylkestinget samla seg om å opprette mobbeombod for Sogn og Fjordane. Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn og Fjordane får mobbeombod

Eit samrøystes fylkesting vedtok tysdag at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal opprette ei stilling som mobbeombod for born og elevar i fylket.

Vedtaket seier at fylkeskommunen skal tilsetje eit mobbeombod i full stilling frå 1. august 2018. Stillinga vert finansiert i eit spleiselag der staten og fylkeskommunen betalar halvparten kvar.

Heile fylkestinget stod samla bak vedtaket. I debatten peika politikarane på at mobbing er eit alvorleg samfunnsproblem, og trass i mange tiltak og kampanjar dei siste 20 åra for å sikre barn og unge eit godt opplæringsmiljø, har tal elevar som vert mobba halde seg høgt.

Nasjonal ordning

Bakgrunnen for saka er at Kunnskapsdepartementet har invitert alle fylkeskommunane til å delta i ei nasjonal ordning med fylkesvise mobbeombod.

Utdanningsdirektoratet har laga eit nasjonalt mandat for ordninga, som seier at mobbeombodet skal støtte og rettleie born, elevar og føresette slik at dei får oppfylt sine rettar til eit godt psykososialt miljø i barnehage og grunnskule.

Mobbeombodet kjem i tillegg til elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane, som mellom anna arbeider med mobbesaker i den vidaregåande skulen.

Mobbeknapp

Fylkestinget vedtok òg at det skal opprettast ein «mobbeknapp» på heimesida til alle dei vidaregåande skulane, som eit lågterskeltilbod for å melde frå om mobbing.

Føremålet med mobbeknappen er at elevar og føresette skal kunne melde frå om mobbesaker gjennom eit enkelt skjema som er lett tilgjengeleg på nettsida til skulen. Fleire kommunar og fylkeskommunar i landet har allereie innført dette.

Saksdokument og protokoll frå fylkestingsmøtet 17. april finn du her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713