Sogn og Fjordane får 13,5 millionar kroner til flaumskader

Flaum har gjort skade på fleire vegar i Sogn og Fjordane i 2011, og fylkeskommunen har fått store uventa kostnadar. No gjev regjeringa flaumråka kommunar og fylkeskommunar til saman 170 millionar kroner til nettopp dette.

– Eg er svært glad for denne julegåva frå regjeringa, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.
Ho har fått gehør for oppmodinga ho kom med i talen til fylkestinget 13. desember – om at staten må bidra når naturkreftene øydelegg vegane våre.

Fylkeskommunal beredskap ikkje nok

– Desse 13,5 millionane kjem veldig godt med når vi må reparere vegar etter naturskade. Vi har oppretta eit eige fylkeskommunalt fond for ekstra drifts- og vedlikehaldskostnadar som følgje av uvêr, men det er ikkje nok, slår Kjelsnes fast.

Pengane frå regjeringa vert utbetalte etter nyttår. Dei kommunane og fylkeskommunane som vart hardast råka av flaum, får høgst kompenasjon. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete seier at regjeringa med dette ønskjer å hjelpe kommunar og fylkeskommunar med delar av ekstrautgiftene som følgje av uvêr.

For meir informasjon, ta kontakt med

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568