Foto av konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi på talarstolen framfor fylkestinget. Bak han ser vi ein presentasjon på veggen, med teksten Sogn og Fjordane Energi AS.
Foto av konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi på talarstolen framfor fylkestinget. Bak han ser vi ein presentasjon på veggen, med teksten Sogn og Fjordane Energi AS.

Konsernsjef Johannes Rauboti orienterte fylkestinget om stoda i selskapet under det årlege møtet med fylkestinget i Loen 13. juni 2017. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Sogn og Fjordane Energi møtte fylkestinget

Sogn og Fjordane Energi (SFE) orienterte 13. juni fylkestinget om driftsåret 2016 i selskapet, om hovudtrekka i årsmeldinga og rekneskapen og andre relevante saker.

Møtet mellom SFE og fylkestinget vert gjennomført ein gong i året, etter fylkeskommunen sine rutinar for eigarstyring. Konsernsjef Johannes Rauboti og styreleiar Per Atle Kjøllesdal møtte for SFE.

– Heile vasskraftbransjen er inne i ein perioden prega av relativt låge kraftprisar og svake resultatforventningar. Sett i lys av dette leverer Sogn og Fjordane Energi AS eit godt resultat for 2016. Kraftprisen var 6,2 øre høgare enn året før. Driftsåret 2016 var elles prega av ei relativt stabil drift utan store feil og hendingar, sa fylkesordførar Jenny Følling i eigarvurderinga si.

Overskotet etter skatt vart på 189 mill. kr mot eit overskot på 113 mill. kr året før. Fylkeskommunen sin del av utbytet vil vere på vel 37 millionar kroner.

Det er kalla inn til generalforsamling i selskapet 26. juni.

Eigarvurdering av SFE AS, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

SFE si orientering til fylkestinget 13. juni.

Årsrapport 2016, Sogn og Fjordane Energi.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568