Sogn og Fjordane – økonomi og utvikling gjennom 150 år

Kva kjenneteiknar den regionale og økonomiske utviklinga i Sogn og Fjordane? Korleis skil fylket seg frå andre? I samband med arbeidet med fylkessoga, ønskjer høgskulen velkomen til seminar om desse viktige tema i Stryn 30. januar.

Kjende forskarar frå fleire fagdisiplinar legg fram sine vurderingar om distriktspolitikk, tettstadsutvikling, industri og konkurransekraft.

Program for historieseminaret

  • Kl. 10.30 Kaffi og wienerbrød
  • Kl. 11.00 Opning
  • Kl. 11.15 Oddbjørn Bukve: Regional utvikling i Sogn og Fjordane etter andre verdskrigen
  • Kl. 11.45 Håvard Teigen: Tilfellet Sogn og Fjordane i norsk distriktspolitikk
  • Kl. 12.15 Martin Byrkjeland: Den industrielle utviklinga i Sogn og Fjordane gjennom 1900-talet med vekt på storindustrien
  • Kl. 12.45 Varm lunsj
  • Kl. 13.45 Oddmund L. Hoel: Industrialisering og tettstadutvikling i Sogn og Fjordane fram til 1940
  • Kl. 14.15 Hege Roll-Hansen: Treski eller lettmetall? Om visjonar for næringsutvikling i Sogn og Fjordane den fyrste etterkrigstida
  • Kl. 14.45–18.00 Ordskifte (m/kaffipause)

Hovudredaktøren for fylkessoga, Ola Svein Stugu, leiar seimaret.

Seminaret er ope for alle. Deltakarane betaler berre 175 kroner for lunsjen.

Påmelding til Oddlund L. Hoel på e-post oddmund.hoel@hisf.no eller tlf. 970 21 194.

Påmeldingsfristen er 23. januar.

Fullstendig invitasjon og program på nettsidene til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00