Foto av Jenny Følling og Karianne Torvanger som plantar eit tuntre på Sogn Jord- og Hagebruksskule under 100-årsjubileet til skulen. Dei er i ferd med å plassere treet i jorda. Rektor Aksel Hugo og ordførar Noralv Distad er tilskodarar.
Foto av Jenny Følling og Karianne Torvanger som plantar eit tuntre på Sogn Jord- og Hagebruksskule under 100-årsjubileet til skulen. Dei er i ferd med å plassere treet i jorda. Rektor Aksel Hugo og ordførar Noralv Distad er tilskodarar.

Fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger, planta tuntre under jubileumsfeiringa fredag. Rektor Aksel Hugo og ordførar Noralv Distad heldt oppsyn med plantinga. Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn Jord- og Hagebruksskule feira 100 år

Det er 100 år sidan den økologiske landbruksskulen i Aurland vart oppretta. I helga har det vore feiring tre dagar til ende, og fylkesordføraren deltok med treplanting.

Sjølve jubileumsseremonien fann stad fredag 22. september. Det var talar, kulturprogram, økologisk festmiddag og ikkje minst open gard med aktivitetar og omvisning.

Planta tuntre

Fylkesordførar Jenny Følling deltok på festdagen og planta saman leiar for hovudutvalet for opplæring, Karianne Torvanger, med eit tuntre på jord- og hagebruksskulen.

– Denne skulen er så mykje meir enn vidaregåande skule. Han er eit kompetansesenter for økologisk landbruk, berekraftig næringsutvikling og småskala produksjon. Omfattande aktivitet utover den vidaregåande opplæringa med kursverksemd og kompetanseutvikling er også eit viktig bein å stå på, seier Følling.

Opna nye og renoverte lokale

Samstundes som ein feira ein livskraftig 100-åring, vart opninga av nye og renoverte lokale for internat og kjøken også del av jubileumsfeiringa. Elevane har no fått eit meir universelt utforma anlegg og betre fasilitetar knytt til både undervisningstid og fritid.

– Gode undervisningslokalitetar for elevar og tilsette er vår høgaste prioritet. At vi no har fått rusta opp undervisningsbygget og store deler av fellesareala, var både naudsynt og etterlengta, seier bygge- og eigedomssjef i fylkeskommunen, Jan Tore Rosenlund.

Oppussingsprosjekt på skulen kom i stand som eit spleiselag mellom kommunen, staten og fylkeskommunen. Sidan fylkestingsvedtaket i 2015 har planlegging og bygging gått i eitt, og det har vore endå meir aktivitet på skulen enn vanleg. Vegen fram til renovering og nybygg var ein tøff kamp for ein skule som meir enn ein gong har vore nedleggingstrua, og engasjementet for å redde skulen har vore stort.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00