SoFjo-Pride

Fylkesordføraren deltok under Sogn og Fjordane sin første Pride, SoFjo-Pride i Førde, og hadde både opningshelsing (vedlagt), og deltok på ein paneldebatt. 

Opning/ appell SoFjo-PRIDE

Kjære alle frammøtte. Velkomne til Førde og til Sogn og Fjordane sin første Pride-festival. Dette er historisk - for første gang er det Pride-parade i Førde.

Det er jammen på høg tid at vi «Trivselsfylket» Sogn og Fjordane markerer Pride. Dette er ei viktig, symbolsk markering for menneskeverd, aksept for den du er og å feire kjærleiken. Engasjementet vi ser her i Førde, understrekar at dette er ei viktig sak mange. Eg er stolt av og glad for å kunne vere med her i dag.

Eg har lyst å sitere frå Hans Majestet Kong Harald si opne og flotte nyttårstale for eit par år sida. Der skildrar han på framifrå vis vårt mangfoldige land; «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i kvarandre. Nordmenn trur på Gud, Allah, Alt og Ingenting».

Pride handlar om likestilling mellom kjønn og er feiring av skeiv kjærleik og mangfald. Pride er på mange måtar ei markering av menneskerettane. Det er ei markering av friheten til å vere den du er og rett til å leve utan å verte diskriminert, overfalt, forfølgt, fengsla eller til og drept.

Dei siste to punkta er heldigvis ikkje særleg aktuelle i Noreg og Sogn og Fjordane, men er høgst aktuelle i eit globalt perspektiv. Når det gjeld diskriminering, hat og trugsmål, veit vi diverre at situasjonen er ein annan. INGEN være nøydd til å finne seg i diskriminering. Dessverre har LHBT (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar) vore meir utsett for dette. Ein rapport frå institutt frå samfunnsforsking, syner at éin av fire LHBT-personar er utsett for hat-ytringar det siste året.

Følelsen av å være annleis kan vere vanskeleg, spesielt når du er ung og sårbar. Eg trur ikkje Sogn og Fjordane har vore den enklaste plassen å leve, som homofil, bifil eller transvestitt. Opplevinga av å vere annleis kan vere vanskelegare på bygda enn i ein stor by. Der kan det vere lettare å finne likesinna, eller gøyme seg bort i mengda.

Men det skal ikkje vere slik. Du må ikkje måtte flytte frå bygda for å bli akseptert for den du er. Vi veit at mange tenkjer at livet på bygda er meir trongsynt og ekskluderande. Kanskje ikkje berre synet på å vere skeiv, men også når det gjeld å stikke seg ut og vere annleis.

Eg trur ikkje det er slik lengre. Verda har blitt mindre. Det har skjedd noko med haldningane våre. Dagens globale samfunn viskar ut skilnadane, aukar kunnskapen og det utviklar seg meir liberale haldningane til det å vere annleis – om du bur i Førde, på Sandane eller i Oslo. Det er mykje rausheit og kjærleik i bygdene, som det er i byane.

Eg håpar bygdedyret er i ferd med å bli utrydda. Pride er ei markering kan å lufte ut gamle spøkelse og auka kunnskapen om mangfald. Fjorårets Bygdapride i Ørsta/ Volda blei ein kjempesuksess, ikkje minst fordi ein sjølvutnemnd pastor - med sterke ord skildra homofilt levesett som motbydeleg. Dette vekte sterke reaksjonar i heile landet. Engasjementet let ikkje vente på. Bygdepride samla rundt 5000 menneske som hylla kjærleiken. 

Og om nokon er i tvil, så er hovudpremissanse bak Pride at folk skal kunne vere seg sjølv og akseptere og vere stolte av kjønnsidentiteten sin, og ikkje minst at seksuell orientering og kjønnsidentitet ikkje er noko ein kan eller skal forandre.

Vi som er politikarar har eit ekstra ansvar for å bidra til openheit og at det er rom for mangfald. Det handlar om å skape haldningar om korleis ein skal vere mot andre, og at alle skal kunne ytre seg og føle seg trygge og velkomne.

Og Pride handlar sjølvsagt om det flottaste vi har nemleg kjærleiken. Om kjærleik til å elske den du vil, og til å elske deg sjølv – for den du ein er – for din eigenverdi.

Kjære deltakarar på Sofjo-Pride, takk for at de deltek. Takk for at du bidreg til eit opnare samfunn, feire friheten og sette fokus på kor viktig det er med mangfald og aksept. Feir kjærleiken og nyt denne flotte helga!