3dyfvmkt 5r
 3dyfvmkt 5r

Foto: Thor-Aage Lillestøl

Søndag kan du reise med bybuss i Førde og Florø

16. desember startar Kringom opp med bybuss også på søndagar i Førde og Florø. Dei vil gå i tidsrommet mellom kl. 17 og kl. 21.

I tillegg til at bybussen skal gå om søndagane, blir det også sett opp fleire avgangar på laurdagane. I Florø går bussen ein time lenger, med ein ekstra avgang i tidsrommet mellom kl. 16 og kl. 17. 

I Førde skal bybussen gå to timar lenger laurdag ettermiddag. Medan den fram til no har slutta å gå kl. 16.25 laurdagane, vil den frå 15. desember gå fram til kl. 18.25. 

Håpar fleire vel buss framfor bil 

Bybussen er i dag eit populært tilbod i dei to største byane i fylket. Mellom juli 2017 og juni 2018 reiste nesten 138.000 passasjerar med bybussen i Florø, og over 160.000 passasjerar i Førde. 

– Bybussen i Førde og Florø blir brukt av mange, både i samband med jobb, skule og reiser i fritida. Vi meiner det er viktig og riktig å styrke dette tilbodet, seier leiar av hovudutval for samferdsle i Sogn og Fjordane, Noralv Distad (H). 

Fleire reisande har opplevd det som eit hol i rutetilbodet at bybussen fram til no ikkje har gått om søndagane. Politikarane i hovudutval for samferdsle bestemte i slutten av oktober at bybusstilbodet i dei to byane skal styrkast, og frå og med denne helga kan dei reisande nyte godt av det. 

– Med bybussen gir vi innbyggjarane i Førde og Florø moglegheita til å reise kollektivt internt i eigen by. Ved å styrke tilbodet med avgangar også søndagar, håpar vi å oppmuntre endå fleire til å ta buss i staden for bil, seier assisterande fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Øystein Hunvik.

Del dette: