Menn som vaksinerer fisk
Menn som vaksinerer fisk

Søknadar til Marint Verdiskapingsfond

Marint Verdiskapingsfond Sogn og Fjordane har motteke fem søknadar om tilskot på til saman 5,5 mill. kroner.

Det kom inn fem søknadar til Marint Verdiskapingsfond Sogn og Fjordane ved fristen den 28. februar.

Det er søkt om tilskott frå fondet på til saman kr. 5,5 millionar, medan totalkostnadane på prosjekta er nær 13 millionar kroner.

Liste over prosjekt det er søkt finansiering til (ikkje prioritert rekkjefølgje):

TITTEL SØKJAR
Forprosjekt - Kveiteyngel Sogn Aqua Juveniles AS
Miljøfaktorer, gjellehelse og svinn i sjø - nøkler for smittereduksjon og bedret fiskehelse NIVA
Forprosjekt - Folvengaard - røye eller aure Folvengaard
Bruk av ferskvann laget av sjøvann for bekjemping Svanøy Havbruk
Studietur Produksjon av ørretrogn til konsum i Norge, kva kan vi lære frå Alaska Skaar Norway AS

 

Fondet har om lag 3 millionar kroner til delfinansiering av prosjekt som skal bidra til  berekraftig utvikling av akvakulturnæringa i fylket og til å auke den lokale verdiskapinga innan havbruket. Fondet vart oppretta med ein grunnkapital på 11 millionar kroner i 2010 og hadde si første tildeling i 2012. Dette vert truleg siste tildeling frå fondet, då kapitalen no er brukt opp, i tråd med fondet sine vedtekter.

Søknadane skal etter planen handsamast av Hovudutval for næring og kultur i deira møte den 12. april.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00