Søknad til vidaregåande opplæring skuleåret 2015-2016

Det er mogeleg å søkje vidaregåande opplæring til skuleåret 2015-2016 gjennom www.vigo.no frå og med 7. januar. I år har vi laga søkjarhandbok som inneheld nødvendig informasjon om søking og inntak til vidaregåande opplæring i skule og i bedrift.

Tidsplan for inntak 2015

  • 7. juli: Melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak
  • 16. juli: Svarfrist første inntak
  • 31. juli: Melding om andre inntak
  • 5. august: Svarfrist andre inntak

Her er lenkjer til «Søkjarhandbok Skuleåret 2015-2016» i ISSUU-format:
Søkjarhandbok 2015–2016 ISSUU-format

Søkjarhandboka er berre i nettutgåve.

For å nytte www.vigo.no må du ha MinID.

MinID er ein personleg, elektronisk ID som gir deg tilgjenge til offentlege tenester på nettet. Det krevst at du identifiserer deg med PIN-kode første gongen.

Første gong du bruker MinID

  • Gå til vigo.no. Du treng

    • fødselsnummer (11 siffer)

    • PIN-kodar frå kodebrev

  • Registrer deg som brukar med

    • sjølvvalt passord

    • mobilnummer

    • avkryssing for kode på SMS

    • e-postadresse



Les meir om korleis du søkjer på vilbli.no.

 

 


Neste gong du bruker MinID

  • Gå til vigo.no

  • Logg deg inn med

    • fødselsnummer

    • sjølvvalt passord

    • kode på SMS

Tips
Test at du får til å logge inn på vigo.no med MinID med fødselsnummer, sjølvvalt passord og kode på SMS!

MinID - for Vigo informasjonsbrosjyre frå www.difi.no

MinIDs brukarstøtte

 

 

Potensiell_toppid_lite

Sogn og Fjordane har ei ordning for inntak av potensielle toppidrettsutøvarar til tilbod i fylket.
Informasjonsbrosjyre om inntak av potensielle toppidrettsutøvarar

Handsaming av potensielle toppidrettsutøvarar

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00