Søkjarliste for stillinga som fylkesrådmann

Ein person hadde søkt på stillinga som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane då søknadsfristen gjekk ut 4. desember.

Jan Øhlckers sluttar som fylkesrådmann 1. mars neste år, og stillinga har vore lyst ut no i haust. Fylkesrådmannsstillinga er ei åremålsstilling på seks år, men det kan vere mogleg med tilsetjing i ein periode til.

Søkjarlista for stillinga som fylkesrådmann:

Tore Eriksen, fødd 1955, busett i Leikanger, jobbar som rådmann i Luster

For meir informasjon, ta kontakt med

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker