Brun geit på Hatlesetnipa, 583 meter over havet. Foto: Arne Hjort Johansen

Tema for årets tildeling av pengar til utvikling i fjellområda er «Fjellet som fritidsarena». Foto: Arne Hjort Johansen

Søk om pengar til utvikling i fjellområda

No skal 20 millionar kroner delast ut til verdiskapning og næringsutvikling i fjellområda. Fristen for å søke om støtte er 1. juli 2015.

Det overordna målet for satsinga er å styrke grunnlaget for økonomisk verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda, ved å satse på kompetanse- og nettverksbygging, entreprenørskap og innovasjon i næringslivet.

Kven kan søke?

Enkeltbedrifter kan ikkje stå som einaste søkar, men bedrifter i nettverk er velkomne. Det same er lag, organisasjonar, friviljuge, offentlege aktørar som kommunar og fylkeskommunar, kunnskapsmiljø, utviklingsaktørar osv.

– Erfaringsmessig gir det god effekt å kople saman aktørar frå privat sektor, offentleg sektor og kompetansemiljø. Dette vil difor telje positivt, seier rådgjevar Ola Idar Løkken i Oppland fylkeskommune.

Det er Oppland fylkeskommune som har det overordna ansvaret for å forvalte midlane. Satsinga er nasjonal og er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kva vert prioritert?

Temaet «Fjellet som fritidsarena» har hovudprioritet i 2015. Søknadar kopla til bruk av hytter og fritidseigedomar vert prioriterte. Døme på tema kan vere

  • kortreist mat og opplevingar
  • aktivitets- og arrangementsutvikling
  • kompetansetiltak
  • tilbod som aukar bruken av fritidsbustadar
  • friluftsliv/folkehelse
  • utmarksnæring
  • fjellandbruket i eit opplevingsperspektiv
  • kommunal tilrettelegging og prioritering

Større regionale prosjekt vert prioriterte framfor mindre prosjekt med lokal effekt.

– Det er positivt dersom det vert lagt til rette for at resultat og kompetanse kan overførast til andre område eller prosjekt, seier Løkken.

Definisjon av kva som er rekna som fjellområde.

Registrering og innsending av søknad regionalforvaltning.no.

Fullstendig utlysing av midlar til «Fjellet som fritidsarena».

For meir informasjon

Ola Idar Løkken
Oppland fylkeskommune
ola.idar.lokken@oppland.org
61 28 92 95

Del dette:

Relaterte lenker