Portrettfoto av Frøydis Geithus
Portrettfoto av Frøydis Geithus

Foto: Frøydis Geithus

Snart klart for Sogndal filmfestival

Medielinja på Sogndal vgs skipar til filmfestivalen for trettande gong 5.–6. april.

Føredrag ved fotograf Frøydis Geithus, filmprodusent Aage Aaberge og komikar Maria Stavang er noko av det som står på programmet under filmfestivalen.

Kjend fotograf

Frøydis Geithus frå Sogndal er ein sokalla Destination Wedding Photographer, ein jobb som har teke henne verda rundt. Bilda hennar er publiserte i mange av dei største magasina og bloggane i verda.

Nokon av stadane ho likar best å fotografere, er likevel i Sogn. Ho vann Junebug Weddings – Best of the best destination weddings 2017 med eit bilde frå Fjærland. Den siste tida har ho også jobba med eit filmprosjekt frå Sogn, noko ho håpar å kunne vise nokre smakebitar frå under filmfestivalen.

Oscar-nominert

Aage Aaberge frå Sogndal har jobba i filmbransjen i nærmare 40 år. Han har produsert over 30 featurefilmar, over 50 kortfilmar og dokumentarar. Han er blant anna kjend for den Oscar-nominerte filmen Kon-Tiki og Den 12. mann, som gjekk på kino i vinter. I tillegg har han hatt fleire tillitsverv innan norsk filmbransje.

Maria Stavang, også kjend som Piateed, er eit nytt stjerneskot på komikarhimmelen. Ho har hatt stor suksess med bruk av sosiale media, med over 200 000 følgjarar på YouTube, Facebook og Instagram. Bergensaren starta på standup-scena sommaren 2015 og alt i 2016 tok kapra ein av dei gjevaste prisane, «Årets Nykommer», på Humorfest i Bergen.

Prisar og galla

I tillegg til det faglege programmet blir det både gallakveld og prisutdelingar under filmfestivalen.

Meir informasjon
Thea Wigum
marknadsansvarleg, Sogndal filmfestival
Tlf: 97416412
thea.wigum@gmail.com

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00