Foredragshaldar og publikum
Foredragshaldar og publikum

Foredragsholder og publikum

Smidig samling for næringsmedarbeidarar på Skei

Nytt opplegg for etableraropplæring startar opp i 2016.

 

Med godt oppmøte av representantar frå kommunar og næringsselskap kunne fylkeskommunen og Innovasjon Norge innleie samlinga der hovudpunktet på agendaen var ny etableraropplæring.

Kurs i 2016

Det nye opplegget for etableraropplæring er utarbeidd av Innovasjon Noreg og fylkeskommunen i samarbeid med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, næringsselskapa og kommunane. Tilbodet består av eit grunnleggande etablerarkurs og fire temakurs. Det grunnleggande etablerarkurset går over tre samlingar, og målgruppa er dei som ønskjer å starte eiga verksemd. Temakursa gjeld temaa sal, økonomi og rekneskap, forretningsmodellering og investorkapital, og målgruppa er dei same som for etablerarkurset samt etablerte småbedrifter. Alle kursa er gratis. Det vert lagt ut meir informasjon om kursa her.

Smidig oppstart

Samlinga gjekk over to dagar. Ein stor del av tida vart satt av til å byggje opp god kjennskap kring grunnleggande etablerarkurs og metodikken den byggjer på; Lean Startup, også kalla smidig oppstart. Smidig oppstart handlar om å skape verdi med lite ressursar, og tidleg få testa ideen sin på mogelege kundar. Vi diskuterte korleis kommunar og næringsselskap kan bidra til å marknadsføre og rekruttere til kursa, vi fekk møte kurshaldar Trond Bechmann frå Leiv Eiriksson Nyskaping, og vi vart utfordra på vår eigen kunnskap gjennom ein workshop i smidig oppstart med Caspar Lund frå Bergen Teknologioverføring.

Andre viktige emne som vart teke opp var omorganisering i Innovasjon Noreg, inkubatortilbodet frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Fram Flora, samt informasjon kring nettstaden driftig.no som skal vere ein informasjonskanal retta mot dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle eiga verksemd.

Presentasjoner

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00