Illustrasjon som syner korleis vitensenteret på Kaupanger skal bli.
Illustrasjon som syner korleis vitensenteret på Kaupanger skal bli.

Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B

Slik blir vitensenteret på Kaupanger

Sogn og Fjordane fylkeskommune har valt konsept for utbygging av nytt vitensenter (vitemeir) og Sogndal vidaregåande skule på Kaupanger.

Utbyggingsprosjektet store ambisjonar om arealeffektive og gode pedagogiske løysingar i nybygget. Det skal vi få til med miljøvennleg materialbruk, framtidsretta tekniske løysingar og lågt energibruk med eige produksjon av fornybar energi.

Åsen og Øvrelid får kontrakten

Prosjektet vert organisert som ein totalentreprise med samspel i to ulike fasar. I den første fasen, samspelsfasen, er entreprenøren ansvarleg for å utvikle tilbodet sitt vidare til eit endeleg forprosjekt. Prosjektet går over i fase to, utføringsfasen, når godkjent forprosjekt ligg føre.

Det vinnande forslag til løysing er levert av Åsen og Øvrelid AS, signerte kontrakten for samspelsfasen onsdag 27. november. I prosjektgruppa til entreprenøren inngår Arkitektkontoret 4B, Caverion og Sweco. Dei skal no utvikle prosjektet vidare saman med både brukarar (vitensenteret og fylkeskommunen) og byggherren (fylkeskommunen). Det er venta at forprosjektet skal leverast i slutten av februar 2020.

Sogndal vidaregåande skule

Avdelinga til Sogndal vidaregåande skule på Kaupanger har tre utdanningsprogram, vg 2 transport og logistikk, vg 3 yrkessjåførfaget og vg 2 anleggsteknikk. Det er også eit stort behov for kursing av elevar.

Avdelinga held i dag til i gamle lokale, som ligg like ved riksveg 5. Målet med prosjektet er å skape eit så godt læringsmiljø som råd, både i teori og praksis.

Vitensenteret vitemeir

Etablering av eit nytt vitensenter i Sogn og Fjordane (vitemeir) skal bidra til auka interesse forsking, innovasjon og realfag. Det nye vitemeir-senteret skal planleggast og byggast med høge ambisjonar om arkitektonisk kvalitet og miljøvennlege løysingar. Vitemeir skal vere eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi, der dei besøkande lærer ved å eksperimentere sjølv.

Utbyggingsprosjektet vert ferdigstilt i 2021 og vert administrativt organisert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved bygge- og eigedomssjef Jan Tore Rosenlund og prosjektleiar Tage Rickard Sundell.

For meir informasjon

Tage Rickard Sundell
prosjektleiar
957 00 698
rickard.sundell@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00