Bilen framfor Frydenbø Bilsenter på Sandane

Bilen framfor Frydenbø Bilsenter på Sandane

Skulen har fått ny bil

Vg2 Køyretøy har fått overteke ein brukt bil frå Volvo Car Norge. Dette er det forhandlaren Frydenbø Bilsenter på Sandane som har ordna.

Bilen er ein Volvo V70, og blir levert med komplett med diagnoseutstyr og opplæring av dei tilsette på køyretøyavdelinga. Det er Oddbjørn Labråten hos Volvo Car Norge og Jo Inge Solberg hos Frydenbø på Sandane som har gjort dette mogeleg. Bilen vil være eit verdifullt bidrag til den aktuelle opplæringa som elevane skal gjennomgå.

Frå før av har skulen ein Toyota som Toyota Nordfjord sponsa skulen med, og skulen har og hatt tilgang til ein Volkswagen frå Berge og Co til same bruk.

Dette har vore mogeleg å få til gjennom det tette samarbeidet som faglærarane på avdelinga har med bilbransjen i fylket, eit samarbeid som har vore fruktbart ved at elevane har fått utplassering på verkstadar, og bransjen har fått tilgang på lærlingar.  Seks av elevane på VG2 har allereie fått tilbod om lærekontrakt hos bilverkstadar i regionen.

Vi takkar Volvo Car Norge  og den lokale forhandlaren Frydenbø Bilsenter for den tillit dei viser Måløy Vidaregåande Skule ved denne sponsinga.