Hoddevik Grendehus. Foto: Huset i bygda
Hoddevik Grendehus. Foto: Huset i bygda

Hoddevik Grendehus. Foto: Huset i bygda

Skulehus og kulturbygg

I mange kommunar er tidlegare skulehus no vorte kulturbygg. Fylkeskommunen deltek på «Huset i Bygda» sine regionsamlingar i Selje og Vågsøy i september. Der skal vi snakke om arbeidet med prosjektet «Skulen min». Kartlegginga av skulehus og historieformidling er sentrale tema. 

Kulturbygg er møteplassar

Sogn og Fjordane Ungdomslag har utvikla prosjektet «Huset i bygda». Prosjektet løfter fram kulturbygg og gir støtte til dei lokale huseigarane. Såleis skal bygga verte hus for framtida. Det er viktig for lokalsamfunn å ha gode møteplassar og stader å utøve kulturaktivitetar. Regionsamlingane er eit verkemiddel som gir nye verktøy og ny glød til dei som eig og driv kulturbygga.  

Skulehus 

Mange slike kulturbygg har tidlegare fungert som skulehus, og det er ofte historier og minner knytt til desse husa. Det er difor ekstra kjekt når eit slikt hus kan tene vidare som samfunnshus, ungdomshus, grendehus eller kulturhus. I prosjektet «Skulen min» kan både eigarane av bygga, men også alle som har eit forhold til den lokale skulen, få vere med å bidra med informasjon, fakta, foto, forteljingar og minner. 

Vil du bidra til prosjektet? 

I samband med regionsamlingane i Vågsøy og Selje vil vi gjerne snakke med lag, organisasjonar og privatpersonar som har lyst å bidra til skuleprosjektet. Ta kontakt med oss på skulenmin@sfj.no eller ring prosjektleiar Sigrun Espe på 990 44 666.

Les meir om regionssamlingane i Vågsøy og Selje på husetibygda.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00