Foto/illustrasjon av jordklode som litt i hender.
Foto/illustrasjon av jordklode som litt i hender.

Foto: pixabay.com

Skulane deltek i norgesmeisterskap i klima

Nesten alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane har meldt seg på noregsmeisterskapen i klima i januar 2020. Målet er at elevar og lærarar skal sjå klimaeffekten av personlege handlingar.

Startskotet for den utradisjonelle noregsmeisterskapen går 21. januar 2020. I to veker skal elevar og lærarar på vidaregåande skular i heile landet konkurrere om å redusere eigne CO2-utslepp i kvardagen. Det gjer dei ved å logge alle sine klimapositive handlingar i ein eigen app.

Vil skape engasjement i undervisninga

Gjennom meisterskapen kan skulane undervise i tråd med fagfornyinga innan berekraft, og vise at ein kan skape endring, både lokalt og globalt.

– Ungdom over heile Noreg har engasjert seg i ulike klimastreikar og arrangement for å setje klimautfordringane på dagsorden, også her i Sogn og Fjordane. Klimameisterskapen er ein måte å setje seg betre inn i kva ein sjølv kan gjere i kvardagen, på ein lærerik og spanande måte. Eg håper at elevane ser på dette som eit godt supplement til undervisinga om berekraft og klima og miljø, seier klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal.

Det er organisasjonen Ducky som står bak meisterskapen. Dei samarbeider med Natur og Ungdom og Framtiden i våre hender for å skape engasjement på skulane.

«Handling no»

Firda vidaregåande skule er prosjektleiar og har så langt fått med 11 av 12 skular. Målet er at elevane og lærarane skal sjå effekten av personlege handlingar og nytte engasjementet i undervisinga.

«Handling no» er eitt av slagorda til ungdomane som streikar for klimaet, og det er det som er kjernen i klimameisterskapen. Kva konkret kan eg gjere i kvardagen min, som kan bidra til å sikre ei berekraftig framtid for alle.

– På Firda har vi gjennom prosjektet «grøn skule» jobba med ulike tiltak for å sette desse store tema på dagsorden i skulen. Det er flott å sjå engasjementet til ungdommane både gjennom aksjonar og ulike prosjekt som har vore gjennomførte, som vegetarveke, byttedag, sykle til skulen, strandrydding og så vidare, fortel rektor Hallgeir Hansen ved Firda vidaregåande skule.

Skal utdanne nullutsleppsgenerasjonen

Det er midlar frå klimabudsjettet til fylkeskommunen som finansierer noregsmeisterskapen i klima. Det er eit budsjett som skal følgje opp Regional plan for klimaomstilling 2018–2021.

Målet for planen er å saman få til ei klimaomstilling i Sogn og Fjordane. Eitt av temaa som er løfta fram i planen, er klimakunnskap og klimakommunikasjon.

– Vi skal utdanne nullutsleppsgenerasjonen, og det er dei som får nytte av dette tilbodet. Dei er allereie engasjerte og gjer alt mykje godt, men alle kan bli meir bevisste kring eigne val og handlingar, avsluttar Mølmesdal.

For meir informasjon

Ida-Beate Mølmesdal
klimakoordinator, Sogn og Fjordane fylkeskommune
ida-beate.molmesdal@sfj.no
476 04 557

Hallgeir Hansen
rektor, Firda vidaregåande skule
hallgeir.hansen@sfj.no
415 30 885

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette