Foto som syner eit rasoverbygg over ein veg.
Foto som syner eit rasoverbygg over ein veg.

Foto: Torbjørn S./Wikimedia Commons

Skredsikring

Alle typar skred representerer i større eller mindre grad ein risiko for menneske og infrastruktur. Dei fleste skredhendingane i Sogn og Fjordane kan skrivast til naturtilhøva – bergrunn, lausmassefordeling, topografiske tilhøve, gradient og temperatur- og nedbørsvekslingar.

Sogn og Fjordane har store utfordringar i høve skredfare langs vegnettet. Rammene til skredsikringstiltak er ikkje tilstrekkelege til å løyse utfordringane som Sogn og Fjordane har på skredsikring. I tillegg til kriteria i Statens vegvesen si vurdering av skredsikringsbehov, skal tal innbyggjarar, trafikkmengde og skuleskyssbehov leggjast vekt på i våre prioriteringar av skredsikringstiltak.

Tendensen dei siste åra har i følgje rapporten Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest vore at både trafikantar og næringsliv er meir avhengig av, og stiller høgare krav til tryggleik, pålitelegheit og framkome langs vegane.

Oppdatering av skredsikringsbehov er ein del av grunnlagsarbeidet for Nasjonal Transportplan 2018-2029. Oversikt over skredsikringsbehov er meint som innspel for å fastsetje rammer for skredsikring i både nasjonalt og regionalt planverk.

Skredsikringsbehov for fylkesvegar i Sogn og Fjordane er kartlagt med same metodikk som resten av landet. «Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest» er ei fagleg tilråding og grunnlagsdokument til arbeidet med utarbeiding av Nasjonal Transportplan (NTP).

Rapporten viser at vi har 715 skredpunkt på riks- og fylkesvegar i Region vest. Eit skredpunkt er å forstå som ein stad på strekninga der skred frå terrenget gjer at eit tiltak er nødvendig for å gi ein sikringseffekt. Nedfall frå skjering reknast ikkje. Ei skredutsett vegstrekning er ei strekning der det har vore minst tre stengingar som følgje av skred, eller minst tre hendingar/nedfall pr.km. Kvart år vert det registert i snitt 525 skred på riks- og fylkesvegane i Region vest, og det må leggjast til at ein stor del av skred som treff vegane ikkje vert registrerte.

Skred på fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane
* Det kan vere skred i 2016 som ennå ikkje er lagt inn i databasen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00