Foto som syner medlemane i verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje på trappa framfor kyrkja. Biletet er teke i vårsola, og alle har sol i ansiktet.
Foto som syner medlemane i verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje på trappa framfor kyrkja. Biletet er teke i vårsola, og alle har sol i ansiktet.

Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje hadde møte 2. mai. F.v. Åshild Kjelsnes, Grete Bugge, Marit Aakre Tennø (leiar), Lasse Sælthun, Ola Fjellheim og Per Jørgen Loen. Elin Hauge sit også i rådet, men deltok ikkje på dette møtet.

Skal vidareutvikle verdsarvområdet på Ornes

Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje og tilhøyrande område arbeider blant anna med å etablere eit verdsarvsenter på Ornes.

Verdsarvrådet hadde møte 2. mai, og eit slikt senter var blant temaa på dagsorden. Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes er medlem i rådet, som er eit samarbeidsorgan for verdsarvminnet Urnes stavkyrkje og skal bidra til eit godt samarbeid i utviklinga av verdsarvminnet og området rundt.

Formidling og utvikling

Målet med å få på plass eit verdsarvsenter er å betre publikumsfasilitetane og logistikken for dei besøkjande på Ornes. Vidare skal senteret bidra til å formidle verdsarvverdiane, lokal samfunnsutvikling og lokal næringsutvikling.

Arbeidet er heilt i startfasen, og i møtet sette rådet ned ei forprosjektgruppe med ein representant frå føljande organisasjonar: Luster kommune, Samarbeidsgruppa for Sørsida, Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fortidsminneforeningen.

Buffersoneplan

Fortidsminneforeningen i tillegg har fått i oppdrag frå Riksantikvaren å koordinere arbeidet med å lage ein buffersoneplan for verdsarven Urnes stavkyrkje. Alle verdsarvområde skal ha ei buffersone for å ta i vare omgjevnadane til verdsarven.

Fortidsminneforeningen og Luster kommune har blitt einige i å setje ned ei lokal arbeidsgruppe til arbeidet med planen. Verdsarvrådet vert styringsgruppe for dette arbeidet.

Folkemøte på Ornes

I tillegg til møtet i verdsarvrådet vart det òg halde eit folkemøte på Urnes gard på kvelden 2. mai. Målet med møtet var å presentere verdsarvrådet for innbyggjarane på Ornes og informere om arbeidet med verdsarvsenteret og buffersoneplanen.

Sidan begge sakene er aktuelle den vidare utviklinga av Ornes, var det viktig for rådet å informere innbyggjarane om planane og å få innspel til dei. Innbyggjarane var engasjerte og bidrog med gode innspel til både desse to sakene og andre saker dei er opptekne av, og som Verdsarvrådet kan jobbe vidare med.

Verdsarvrådet består av

  • varaordførar i Luster kommune Marit Aakre Tennø (leiar)
  • Ola Fjellheim frå Fortidsminneforeningen (nestleiar)
  • fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes
  • Elin Hauge, Luster kommune
  • Lasse Sælthun, Fortidsminneforeininga avd. Sogn og Fjordane
  • Grete Bugge, Samarbeidsgruppa for grendalaga på Sørsida
  • Per Jørgen Loen, Bygdelaget i Solvorn

For meir informasjon

Arlen Bidne
415 30 934
arlen.synnove.bidne@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00