Foto av røyrgata og trappene til Kraftanlegg 1 i Høyanger. Biletet er teke ovanfrå, vi har røyr og trapper i framgrunn og utsikt mot Høyanger og verket i bakgrunnen.
Foto av røyrgata og trappene til Kraftanlegg 1 i Høyanger. Biletet er teke ovanfrå, vi har røyr og trapper i framgrunn og utsikt mot Høyanger og verket i bakgrunnen.

Røyrgata og trappene er del av Kraftanlegg 1 i Høyanger. Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Skal utvikle K1 i Høyanger

Hovudutval for næring og kultur skal i møtet 26. september peike ut fylkeskommunen sin representant i styringsgruppa for prosjektet «K1 Høyanger – ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge».

Høyanger kommune, fylkeskommunen og Statkraft står bak forprosjektet for bevaring og bruk av Kraftanlegg 1 (K1) i Høyanger.

Den overordna målsetjinga for prosjektet er bevaring og utvikling av K1 til ein spektakulær attraksjon som gir verdiskaping kring næringsutvikling og stadutvikling. Partane ønskjer å bevare røyrgata, trallebana og trappene knytte til K1, slik at dei kan nyttast som attraksjon for turistar og bidra positivt til friluftsopplevingar for innbyggjarane i Høyanger.

Verdiskapingsprosjekt

Lokalt i Høyanger oppstod det eit stort engasjement for bevaring av anlegget då Statskraft hadde planar om å rive delar av det. Høyanger kommune har heile vegen vore i tett dialog med Statskraft, og dei bidreg no positivt inn i forprosjektet med både delfinansiering og deltaking i styringsgruppa.

Fylkeskommunen har innlemma prosjektet i verdiskapingsprosjektet «Kulturminneplanar som verktøy for lokal verdiskaping», der målet er å syne korleis kulturminneplanar kan nyttast som grunnlag for utvikling av lokale utviklingsprosjekt.

Høyanger kommune har utarbeida ein strategiplan for kulturminne, der eitt av dei prioriterte satsingsområda er industriens kulturminner, blant anna K1. Forprosjektet til «K1 i Høyanger – ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge» er finansiert i eit spleiselag mellom fylkeskommunen, Høyanger Næringsutvikling og Statskraft.

For meir informasjon

Arlen Bidne
rådgjevar 
arlen.synnove.bidne@sfj.no
415 30 934

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00