Skal fylkeskommunen kjøpe aksjane i Fjord 1?

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke at dei vil leggje til rette for sal av sin del av aksjane i Fjord 1. Dersom dette skjer, ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune å vere i beredskap. Dette vert behandla i fylkestinget 7.april.

Fylkesrådmannen har i sak 37/10 til Fylkesutvalet sitt møte 22.mars drøfta Sogn og Fjordane fylkeskommune sin eigarskap i Fjord1, og presentert handlingsrommet og mogelege framtidige handlingsplanar for fylkeskommunen. Målet er å sikre Sogn og Fjordane sine interesser slik at vi får eit best mogeleg resultat av prosessen.

Fylkesrådmannen tilrår at fylgjande alternativ vert utgreidd/vurdert innan Møre og Romsdal fylkeskommune gjer sitt vedtak om eventuelt sal av aksjar i Fjord 1 Nordvestlandske AS:

· Møre og Romsdal fylkeskommune sel aksjeposten, og det kjem inn ny eigar.

· Møre og Romsdal fylkeskommune sel aksjeposten, Sogn og Fjordane fylkeskommune kjøper ved å nytte forkjøpsrett.

Fylkesrådmannen vil nytta ekstern konsulentbistand i dette arbeidet.

Strategiarbeidet må skje i samråd med fylkesutvalet og vert å leggja fram for fylkestinget når Møre og Romsdal fylkeskommune har teke avgjerd i saka. Dei andre alternativa må ein koma attende til når dei eventuelt vert aktuelle.

Sak 37/10 - Fylkeskommunen sin eigarskap i Fjord1 Nordvestlandske AS

For meir informasjon, kontakt fylkesrådmann Jan Øhlckers på telefon 57 65 61 14 / 41 53 09 63

Del dette:

Relaterte lenker