Skade på fylkeskommunale eigedomar etter stormen Dagmar

Romjulsstormen gjorde skade for nær ein million på fylkeskommunale eigedomar. Det gjekk hardast utover ein parkeringsplass ved Fylkeshuset og på skog og skogsvegar ved Mo og Jølster vidaregåande skule.

Bygge- og eigedomstenesta har kartlagt situasjonen for dei fylkeskommunale eigedomane etter at Dagmar herja fylket i romjula. Sjølve bygningsmassen har stort sett greidd seg bra, men enkelte skadar er registrerte.

Skadane er enno ikkje taksterte. Det er likevel gjort ei anslagsvis vurdering av dei største skadane. Det er rekna med at reperasjon av parkeringsplassen ved Fylkeshuset vil koste ca. 500 000 kroner og reparasjon av skog og skogsvegar på Mo ca. 450 000 kroner.

Oppsummering av skadeomfanget

  • Dei vidaregåande skulane i Luster, Sogndal, Høyanger, Årdal og Førde har alle meldt om mindre skadar på takstein, beslag og liknande.
  • Dei vidaregåande skulane i Stryn, Florø og i Aurland har meldt inn nokre skader på utvendig utstyr, containerar og nokre glasruter.
  • Ved den vidaregåande skulen på Eid, er det som fylgje av spenningsvariasjonar på det nettet heldt inn ein del skader på teknisk utstyr.
  • Ved Mo og Jølster vidaregåande skule har stormen medført ein god del skade på skog og skogsvegar. Vidare er nokre plater i gartneriet skada og ein del småskader på diverse tak er førebels meldt inn.
  • Ved Fylkeshuset på Leikanger fekk vi nokre småskader på takstein og beslag, men det vesentlege her er skader på parkeringsplassen ved fjorden. Her er deler av arealet vaska vekk og plassen er no delvis stengd.
  • Det er ikkje meldt om skadar ved dei pågåande større byggeprosjekta våre ved Flora vidaregåande skule og Kunstmuseet i Førde.
  • Ved tannhelsetenesta er det meldt om skade på ny dentalinnreiing som stod lagra i garasje på Leikanger. Her har sjøen komme så høgt at garasjen er komen under vatn.

Del dette:

Relaterte lenker