Skadar og ulukker

Skadar og ulykker

Tabell med tal

Det er små skilnader mellom Sogn og Fjordane og landsgjennomsnittet når det gjeld nivået på folkehelseindikatorane på området for skadar og ulukker. Det er likevel fleire hoftebrot i Sogn og Fjordane enn i landet elles og utviklinga har vore negativ, medan det har vore ein positiv utvikling i talet på skadde og drepne i trafikken, samt døde i andre ulukker.

FORKLARING TIL FIGURANE

Under kvar indikator er det ein tabell med celler som er fargelagde. Den fyrste spalta, «Nivået», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane i dag er betre (grøn farge), lik (gul farge) eller dårlegare (raud farge) enn landsgjennomsnittet. Den andre spalta, «Utviklinga i fylket», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har blitt betre (grøn), er uendra (gul) eller blitt dårlegare (raud) i løpet av den perioden vi ser på. Perioden er ulik for dei forskjellige variablane, avhengig av kva datamateriale som er tilgjengeleg. Den tredje spalta, «Utviklinga samanlikna med landet», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har utvikla seg betre (grøn), lik (gul) eller dårlegare (raud) enn landsgjennomsnittet i den perioden vi ser på. Kvite celler viser at vi ikkje har tal.

Relevante lenkjer:
Helseovervakingsdokumentet PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker