Utsikt over Sogndal sentrum, Sogndalsfjorden og Stedjeåsen ein haustdal med sol.
Utsikt over Sogndal sentrum, Sogndalsfjorden og Stedjeåsen ein haustdal med sol.

Sogndal sentrum. Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sju millionar til tettstadutvikling

Ti kommunar i Sogn og Fjordane har fått til saman over sju millionar kroner i tilskott frå fylkeskommunen til tettstadutvikling og stadforming i 2018. Sjå kva prosjekt som har fått støtte.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit mål om å styrke særpreg og eigenartar for tettstadar i fylket. Det gjer vi gjennom støtteordninga for tettstadutvikling og stadforming. Alle kommunane i fylket kan søkje fylkeskommunen om støtte til tettstadutvikling og/eller stadforming tilpassa kommunale plan- og utviklingsprosessar.

Løyvinga vert i 2018 finansiert av tettstad- og planleggingsmidlar, avsette midlar frå tidlegare år og INU-midlar (den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i Førde, Sogndal og Flora kommunar).

Fylkeskommunen har prioritert å gje tilskot til følgjande kommunar og satsingar i 2018:

Førde

Siste etappe av sti/elveforbygging mot Jølstra frå Storehagen til Handelshuset

Gaular

«Glad i Gaular» områdeplan Sande sentrum

Gloppen

Aktivitetsskapande element og møteplassar på tvers av alder og kultur i Sandane sentrum

Sogndal

Bru over Sogndalselva – siste del av Fjordstien

Stryn

Sentrumsanalyse, veg-, gate- og parkeringssystem i Stryn sentrum

Naustdal

Innbyggarstyrt strategisk plan for Vevring – brei mobilisering og   Aktivitetsområdet Sanden

Hyllestad

Opparbeiding av sentrumsnær turveg

Aurland

Masterplan - Aurlandsvangen

Eid

Handels- og sentrumsanalyse Eid

Luster

Trafikkanalyse Solvorn

Det er ein føresetnad at kommunane som får økonomisk støtte arbeider vidare med prosjekta i dialog med fylkeskommunen.  Fylkeskommunen sine midlar skal nyttast i samsvar med retningslinene for tettstadutvikling.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut