Foto frå dekket på ein båt som er på veg mot Måløybrua. Vi ser begge sidene av brua, sjøen er stille, og det er i skumringa.

Foto: NRK Beta

Sjøtransport

Sjøtransport er den sikraste måten å frakte store godsmengder på. Kystverket jobbar for å legge til rette for at stadig meir gods blir frakta på sjø i staden for på veg, også for den innanlandske varetransporten. Dette vil og kunne gje lågare klimautslepp og redusert miljøbelastning i høve veksten som er venta.

Regjeringa har som mål å legge til rette for ein konkurransedyktig nærskipsfart slik at eksisterande transport av gods på veg kan overførast til kjøl der dette er mogleg. Samtidig skal dette medverke til at ein størst mogleg del av veksten i transportbehov går sjøvegen i staden for landevegen. Sjøvegen er miljøvegen og det er viktig at det vert satsa på den transportforma som reduserer miljø- og klimaavtrykk. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954